Hopp til innhold

Senterpartiet vil stoppe anbudsprosess

Helse Midt-Norges omstridte tildeling av nye avtalar for rehabilitering i Trøndelag hamnar no i rikspolitikken. Senterpartiet vil setje anbudsprosessen på vent til klage er behandla.

Betania, Malvik

Betania i Malvik resikerer å misse bortimot 100 arbeidsplassar frå nyttår, etter at dei tapte anbudsprosessen. Rundt 70 års drift ved Betania kan det brått gå mot slutten.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Det var 7. juli i år at Helse Midt-Norge kunngjorde kven som etter anbudsprosess fekk tilslaget for private rehabiliteringstenester frå komande årskifte. Blant dei som ikkje fekk fornya sine avtalar var Betania i Malvik og LHL-klinikken på Røros. Tilsaman kan bortimot 120 arbeidsplassar gå tapt på ei to stadene.

Over til ny privat aktør

I Rissa kommune er ein derimot svært godt nøgde med at det blir nytt liv i Hysnes helsefort, der det private helseforetaket Unicare skal etablere seg, for første gong i Trøndelag, og ta over store delar av tenestene som Malvik og Røros no mister.

Betania Malvik har klaga på anbudsprosessen, som dei meiner ikkje var reell for deira del. Klagen har gått til KOFA - "klagenemnda for offentlige anskaffelser". Men før klagen er i handsama, er ny avtale inngått med Hysnes Helsefort.

Spørsmål til helseministeren

No har Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson for Senterpartiet, stilt eit skriftleg spørsmål til helseminister Bent Høie (H). Toppe spør om regjeringa vil vurdere Helse Midt-Norge sin anbudsprosess etter at 16 behandlingsplassar forsvinn frå LHL-klinikken på Røros og Betania Malvik rehabiliteringssenter risikerer å tape nær 100 arbeidsplassar.

Senterpartiet ved Bataina Malvik

Kjersti Toppe var på besøk ved Betania Malvik 13. juli. Her saman med direktør Ingrid Eggen Skogrand ved Betania og adm. dir. Tor Inge Skjøtskift i Lukasstiftelsen, som eig Betania. Til høgre stortingsrepresentant Heidi Greni, Sp.

Foto: torkel Ystgaard

Ho spør også om regjeringa vil sørgje for at anbudspraksisen i foretaket støttar opp under Stortinget sitt mål om vekst i bruken av ideelle organisasjonar.

Setje på vent

Kjersti Toppe, som er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, spør også om helseministeren vil sørgje for at avgjerda om tildeling blir sett på vent inntil klagen til KOFA er behandla. Ho legg til i grunngjevinga at det er viktig at endeleg avgjerd ikkje blir gjort før klagen er tatt stilling til.

– Oppsiktsvekkjande

Senterpartirepresentanten skriv elles i grunngjevinga at det er oppsiktsvekkjande at helseforetaka ikkje har fått i oppgåve å følgje Stortinget si målsetting. Toppe viser til at Stortinget i desember i fjor gjorde vedtak om at det i framtida skal vere ein høgare andel av helse- og omsorgssektoren som skal drivast av ideell verksemd.

Det er Lukastiftelsen som eig og driv Betania i Malvik, som har vore i drift i rundt 70 år.

– Veldig bra at det blir heva opp til Stortinget

– Vi synest det er veldig bra at dette no kjem på sakskartet på Stortinget, at saka blir løfta dit, seier administrerande direktør Tor Inge Skjøtskift i Lukasstifelsen.

– For det er jo nettopp Stortinget som har gitt regjeringa beskjed om at ideell sektor skal få ein større del av det helsepolitiske landskapet, og då er det veldig flott at Kjersti Toppe tar opp dette. Det set vi utruleg stor pris på - både vi på Betania Malvik, men også ein heil ideell sektor stiller seg bak og synest det er flott, seier Tor Inge Skjøtskift.

Betania, Malvik - 2

Rehabiliteringssenteret her i Malvik har lange tradisjonar, Betania har vore i drift i rundt 70 år.

Foto: Magnar Brandseth / NRK