Sauen som blei funne på Oppdal har skrapesjukdomen NOR-98, i følgje Veterinærinstituttet i Oslo. I motsetnad til vanleg skrapesjuke vil dyr som blir ramma av denne sjukdomen ikkje klø seg, men få problem med balansen.
Sjukdomen blei registrert for første gong i Minnesund i 1998, og forskarane trur det kan vere snakk om ein sjukdom som har vore i landet lenge og som skuldast mutasjonar i sauens genmateriale.
Kan oppstå spontant
Fylkesveterinær Eivind Dragset støttar Veterinærinstituttet, han meiner det er påfallande at det berre er enkeltsauer som har fått denne type skrapesjuke: Det kan tyde på at det er spontan- mutasjon i sauens gener, seier Dragset:
- Mange tilhøve rundt epidemologien er ukjent når det gjeld skrapesjuke. Det er også ein teori om at skrapesjuke kan oppstå spontant hjå enkelte dyr, altså at det skjer ein endring i sjølve arvematerialet som gjer at det blir utvikla ein sjukdom.
Fylkesveterinær Eivind Dragset.
Kor stor er sjansen for at andre sauer i buskapen også er smitta?
- Sjansen er truleg liten, dette er ein a-typisk variant av skrapesjuke i høve den som ein kjenner til frå tidlegare tilfelle i Noreg, den var meir smittsam. I dei seinare åra har det berre vore enkeltdyr i enkeltbuskapar som har fått skrapesjuke, så sjansen for å finne fleire dyr med sjukdomen ser eg på som liten.