Hopp til innhold

Jan Ivar vaktar saueflokken med helikopter

SNÅSA (NRK): Sauebonde Jan Ivar Sandnes har gått kreativt til verks for å få ned rovdyrtapet. Med helikopter og digitale sauebjøller overvakar han saueflokken.

Sauebonde Jan Ivar Sandnes på Snåsa

HØGTEKNOLOGI: Med omfattande overvaking har sauebonde Jan Ivar Sandnes eit mål om å unngå rovdyrtap.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Villsauene til Jan Ivar Sandnes beitar midt i kjerneområdet for bjørn i Lurudalen på Snåsa. Det har gitt bonden motivasjon til å utvikle teknologi som skal redde sauene.

– Å ha rovdyrtap er ei veldig stor belastning. Både personleg, men også for økonomien i sauebruket. Derfor har eg hatt mange idear om korleis eg kan redusere tapet, seier sauebonden.

Og han har lukkast. Nye triks og ny teknologi gjer at rovdyrtapet blir mindre for kvart år.

– Eg er veldig positivt overraska. Det er på grunn av tidleg nedsanking og sporing, fastslår han.

Tap av sau til rovvilt har hatt ein betydeleg nedgang i år. Ny statistikk frå Miljødirektoratet viser eit rekordlågt tal påviste rovviltskadar på sau i 2020. På landsbasis er påviste bjørneskadar halvert samanlikna med 2019.

I reiskapsboda har Sandnes både helikopter og høgteknologisk kontrollrom som han har utvikla sjølv.

Sauebonde Jan Ivar Sandnes på Snåsa

OVERVAKING: Gjennom GPS-ein og ein app på nettbrettet har Jan Ivar Sandnes oversikt over alle sauene sine, og kan navigere seg fram til dei.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Eg brukar GPS når eg flyr. Når eg skal sjå på sauene opnar eg ein app på nettbrettet. Då har eg oversikt over alle sauene i kartet, og kan navigere meg fram til dei.

Omfattande overvaking

Frå helikopteret har han observert bjørn fleire gonger, og sett at villsauene klarer å komme seg unna.

– Eg føler faktisk at eg har full kontroll over dyra mine. Alle bevegelsar blir registrerte. Då kan eg følgje med på om dei har unormal oppførsel.

I år er det 100 sauer som har blitt tekne av rovdyr, men for eit par år sidan var tapet tre gonger så stort. Året 2017 omtalar han som eit tragisk år. Då var det langt over 300 sauer som forsvann.

Sauebonden har i år fått heim 900 sauer, av dei tusen han slapp ut på fjellbeitet.

Villsauer på Snåsa

VILLSAUER: I år har berre 100 av sauene til Jan Ivar Sandnes blitt tekne av rovdyr. For tre år sidan var tapet tre gonger så stort.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Suksessen skuldast fleire forhold. Mellom anna at han henta heim sauene då bjørnen byrja å herje som verst.

I tillegg handlar suksessen om all helikopterovervakinga og eit GPS-sporingssystem via digital bjølle. Smartbjølla har han utvikla sjølv, og produserer den gjennom eiga bedrift.

– Bjøllene lagar ikkje lyd. Med vanlege bjøller kan bjørnen faktisk finne sauene.

Han legg vekt på at dette ikkje har ein dokumentert effekt, men at det verkar ganske logisk.

Teorien hans får støtte frå fleire hald. Ein rapport frå forskingsinstituttet NINA antydar at bjørnen kan bli irritert av bjøllelyden. Men forskarar påpeikar at luktesansen også vil vere heilt avgjerande.

– Eit dilemma

Jørn Ove Heggland er leiar i Snåsa Sau og Geit. Han synest det er bra at Sandnes tek i bruk kreative løysingar.

– Du får ei betre og raskare oversikt. I kombinasjon med elektrisk sporing er bruk av helikopter suverent, seier han.

Men det er også eit dilemma.

– Du går jo glipp av vinterfôr ved å ta heim sauene tidlegare. Det er ein balansegang, meiner han.

Jørn Ove Heggland, Snåsa Sau og Geit

VANSKELEG DILEMMA: – Om du tek heim sauene for tidleg, må du gje avkall på ein slått, åtvarar Jørn Ove Heggland i Snåsa Sau og Geit.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Heggland påpeikar at det ikkje er mogleg for alle sauebønder å bruke helikopter.

– Eit alternativ kan vere å bruke dronar. Det er kanskje noko fleire kan nytte seg av, og det kan gi litt av den same effekten, trur han.

Fleire bønder driv med tidleg nedsanking. Flytting av sau og tidleg nedsanking frå beite er også klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) si oppskrift for å redusere rovdyrskadane i beiteprioriterte område, ifølge Trønder-Avisa.

– Eg vil tru at alle gjer det dei kan. Men alle har ikkje areal nok, og klarer derfor ikkje å skaffe nok fôr, fortel Heggland.

Kort beitesesong

Sauebonden på Snåsa starta med sau for 16 år sidan. Dei første åtte åra hadde han ikkje rovdyrtap i det heile tatt. Då hadde han naboar som dreiv med dalasau i same område, som var enklare for rovdyra å få tak i.

– Villsauen er både ein lettare og raskare rase, opplyser Sandnes.

I starten av juli var to bjørnar ekstra aggressive. Sauebonden frykta at tapet ville bli høgt. Han fekk løyve frå Fylkesmannen til å gjennomføre sauesankinga allereie 26. juli.

– Det var beiteslepp 5. juni. Det blir jo ein veldig kort beitesesong, seier han.

Sauebonde Jan Ivar Sandnes på Snåsa

OPTIMIST: Dei siste åra har sauebonde Jan Ivar Sandnes hatt eit betydeleg lågare tap av sauer til rovvilt. Han ser lyst på framtida.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Om det blir via helikopter eller ny teknologi – målet til Sandnes er å vere fullstendig utan rovdyrtap.

– Eg ynskjer eit tilnærma nulltap. Når tapet har hatt ein så tydeleg nedadgåande trend dei siste tre åra, ser eg lyst på framtida.