Hopp til innhold

Satsar på solcellepanel og vindmølle

No vil Postman Pat snart sykle rundt i byen på ein elektrisk sykkel. Posten opnar i år Europa sitt mest moderne og miljøvennlege post- og logistikksenter, og dette vil finne stad i Trondheim.

Posten sin nye terminal Trondheim

Slik ser det nye bygget ut på Torgård. Ei av dei miljøeffektive løysingane er solcellepanelet ein kan sjå på taket.

Foto: Posten Norge

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi innser at vi er ein del av problemet, og vil derfor prøve å vere ein del av løysinga. Dagens løysingar innan transport inneber utslepp, og det vil vi gjere noko med.

John Eckhoff, pressesjef i Posten Norge, fortel at det er god økonomi i den nye terminalen som no blir klargjort i Trondheim, då dei vil ende opp med å spare mykje pengar. Den nye terminalen skal med hjelp frå solcellepanel og ei vindmølle sørgje for energi til cirka 75 el-køyretøy. I tillegg skal det vere sjølvdrivne lyktestolpar, og vindturbinar som skal skape energi nok til dei tilsette sine el-syklar. Den totale summen for bygget hamna på 500 millionar kroner.

– Må satse på miljøeffektivitet

John Eckhoff, pressesjef, Posten Norge

John Eckhoff, pressesjef i Posten Norge, fortel at løysinga til transportbransjen i dag inneber utslepp.

Foto: Posten Norge

– Posten Norge har mange miljøsatsingar, og vi brukar fleire milliardar på nye terminalar landet over. Bygget i Trondheim vil ha offisiell opning 15. september, og totaliteten av miljøeffektive løysingar i denne terminalen er foreløpig eineståande.

Eckhoff meiner dette er den riktige retninga å gå i, og legger til at alle verksemder må satse på miljøeffektivitet. Han peikar særskild på transport- og logistikkbransjen. Den nye terminalen vil finne stad på Torgård, sør for Trondheim sentrum. Konsernsjef i Posten Norge, Tone Wille, fortel at miljøperspektivet har vore førande heilt sidan dei starta å planlegge den nye terminalen.

– Samarbeid med blant anna Enova har gitt oss moglegheita til å satse på innovative løysingar som gjer dette til Europa sin mest miljøvennlege terminal, seier Wille.

Leiinga i Posten Norge, grunna den nye postterminalen i Trondheim.

Adm.dir. Nils Kristian Nakstad og Postens konsernsjef Tone Wille, prosjektleiar Ingar Norvik og terminalsjef Leif Ivar Skjærvik.

Foto: Posten Norge

Mål om å bli lavutsleppsamfunn

Det statlege føretaket Enova har støtta prosjektet med 14,2 millionar kroner, og dei meiner den nye terminalen vil bli eit eksempel til etterfølging.

– Det er eit ambisiøst prosjekt som det er ein fryd å få vere med å realisere. I lavutsleppsamfunnet må norske bygg både vere meir energieffektive og belaste energisystemet mindre, forklarar Nils Kristian Nakstad, administrerande direktør i Enova.

Enova sitt oppdrag er å vere pådrivar for lavutsleppsamfunnet, og Eckhoff er svært glad for å ha dei med på laget.

–Dei hjelper oss med utgiftene, men det viktigaste er at dei har mykje kompetanse på området, forklarar han.

Solcellepanel på taket av den nye postterminalen i Trondheim.

På taket av bygget skal det vere solcellepanel nok til å skape energi for omlag 75 køyretøy.

Foto: Posten Norge