
Stortingspolitikar Per Sandberg.
Stortingspolitikar Per Sandberg frå Levanger er blitt ein av landets mest profilerte politikarar. FrP-politikaren er nestleiar i kommunalkomitéen og partiets innvandringspolitiske talsmann.
Overraska
No blir han også kommunepolitikar heime i Levanger. Frå ein 15. plass på partiets liste i heimbygda, blei Sandberg kumulert inn i kommunestyret. Sandberg er overraska over resultatet:
- Dersom eg hadde hatt eit sterkt ønske om å delta hadde eg drive ein mykje meir aktiv valkamp i Levanger. Men når det er sagt, og veljarane har gjort sitt, skal eg sjølvsagt ta det alvorleg og gjere det beste ut av den jobben dei har sett meg til å gjere, seier Sandberg.
Kva ambisjonar har du for lokalpolitikken i heimkommunen?
- Eg håper dei seks åra på Stortinget også har gitt meg erfaring og ekspertise når det gjeld kommunepolitikk, og at dei andre lokalpolitikarane kan dra nytte av det.