NRK Meny
Normal

Sjeldne 1930-talsopptak på kino

Gamle 16-millimeters smalfilm-opptak gir annleis filmoppleving for verdalingane.

Kinopublikum i Verdal

Publikum møtte fram til vising av Verdalsfilmen.

Foto: Nora Kalkenberg / NRK

Seint på 1930-talet tok Verdal Samvirkelag til å filme folk og miljø rundt laget sine butikkar i heile Verdalen. Det var filmentusiasten Ingvar Dillan som gjorde opptaka for samvirkelaget, i 1938 og 1939.

I mange og lange år låg filmrullane og samla støv.

Heilt til nokre entuasiastar mellom dei lokalhistorisk interesserte i historielaget tok til å tenke at dette var verdfull kulturhistorie, og kanskje kunne opptaka ein dag til og med visast på kino.

Gamle opptak vart til film om bygda

Først vart filmrullane redigert og smått om senn framstod ei slags samanhengande historie om folk og miljø attende i tida.

Så fann verdalingane ut at NRK-kjendisen frå bygda, deira eigen Nils Nordberg kunne lese inn kommentarane på filmen.

Og da den første visinga gjekk i orden på Verdal kino i samband med kinoens 100-årsjubileum like før jul i 2016, gjekk ryktet straks om dei unike opptaka. Ei nyvising førde til to fullsette salar. Mange måtte den gongen vende skuffa heim.

Mange vil sjå korleis bygda var i gamle dager

Kinosal Verdal Verdalsfilmen

Inne i salen flimra dei gamle 16-millimeter-opptaka over det store kino-lerrettet.

Foto: Nora Kalkenberg / NRK

Denne helga var det ei tredje visingshelg, og trass sola og finveret laurdag i middagstid, kom folk for å sjå eldre verdalingar i gamle opptak, sjå korleis dei gamle såg ut den gong, korleis Verdalsøra og bygdene såg ut, i den tida hesten var det vanlege framkomstmiddelet og ein bil etter vegen var ei sjeldanheit.

Filmen har opptak både frå gamle Verdalsøra, og frå bygdene i heile kommunen, heilt oppe fra den vesle samvirkefilialen i Skjækerfossen, via Vuku, Leksdal, Inndalen, Flekshus, heile Verdalen er representert.

Verdal samvirkelag 1938-39

Verdal samvirkelag 1938-39.

Foto: Ingvar Dillan

Fotografen eigde aldri eit filmkamera

Ingvar Dillan som gjorde dei sjeldne filmopptaka, levde mesteparten av livet sitt på Nøtterøy i Vestfold, men hadde fritidseigedom i Vuku, der han heldt til om somrane. Han eigde ikkje sjølv filmkamera, fortalde dottera Gry Dillan da ho gjesta premieren på filmen før jul. Faren lånte alltid utstyr når han filma.

Ingvar Dillan var nøye i det han heldt på med. Når han filma nytta han alltid stativ, derfor er mange av opptaka av uvanleg god kvalitet.

Eldsjelar i historielaget

Verdal historielag har stått bak arbeidet med å få dei gamle filmopptaka opp av kassar inn i redigering og fram til det dei er i dag, ein eigen Verdalsfilm.

Tor Haugmark Verdal

Tor Haugmark har vore den fremste ildsjelen i arbeidet med Verdalsfilmen.

Foto: Nora Kalkenberg / NRK

Primus motor for arbeidet har vore kultur-entusiasten Tor Haugmark, kjent drivkraft både i revy- historielags- og teatermiljøet i Verdal gjennom ein mannsalder. Han strålar som ei sol over at dugnadsarbeidet lokalt har blitt til ein ordentleg kinovist film i samarbeid med den lokale kinoen.

No har over 500 sett Verdalsfilmen på kino.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.