Hopp til innhold

Store Trøndelag startar med å kutte i distrikta

Store Trøndelag er berre to månader gammelt når dei første omfattande kutta i samferdsletilbodet kjem i utkantane. Og mest alle utkantane som får kutt ligg i det avvikla, "vesle" Nord-Trøndelag.

Stopp-knapp i buss

Store Trøndelag dreg på bremsen for kollektivtilbodet i distrikta.

Foto: Trine Bråthen / NRK


Denne veka kom forslaget som får det til å gå kaldt nedover ryggen på dei klåraste pessimistane til samanslåinga av trønderfylka. Og som får dei til å seie:

– Kva var det vi sa?

Selskapet AtB (trøndersk for A til B), har fram til 1. januar 2018, styrt kollektivtilbodet i Sør-Trøndelag. Etter samanslåinga med Nord-Trøndelag, har selskapet no teke over samferdsletilbodet også i heile regionen.

Mest alle kutt kjem i det gamle Nord-Trøndelag

Politikarane i det nye, Store Trøndelag har gjeve AtB beskjed om å finne ut kva for bussruter og andre kollektivsatsingar som bør kuttast eller reduserast, for å få nye, felles budsjett til å gå opp, og når svaret kjem er det enkelt:

Flest kutt kjem i det gamle Nord-Trøndelag og distrikta blir råka hardt.
Hovedutval for Transport i Trøndelag skal som ein av dei første oppgåvene sine allereie neste veke, ta stilling til den lange kuttlista. Det skjer i eit ekstraordinært møte 1. mars.

Blir planane vedteke slik dei ligg føre frå den første fylkesrådmannen i Nye Trøndelag, blir det færre avganger med busen på ei rad små stader.

Hybridbuss Levanger

Den grøne bybussen i Levanger vart fornya til hybriddrift. No kan den bli staånde i garasjen frå fredag ettermiddag til måndag morgon.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Men skrint busstilbod vil det ikkje bli berre i dei minst folkerike områda i nord.

Byar utan busstilbod på laurdagar

På laurdagar vil det – om kutta blir vedteke, ikkje gå ein einaste bybuss i Levanger, Namsos og Stjørdal, alle byar med mellom 15 og 25 000 innbyggarar.

Flyplassbyen Stjørdal var Nord-Trøndelags største by før fylkes-samanslåinga.

Ferja Olav Duun

Fra kystriksvegen i Namsos er det ein avstikkar over til Jøa, Fergestrekninga er kort. Nord-Trøndelag fylkesting lova jøbyggen bru. No kan det løfte verke å svinne i det blå.

Foto: Rita Kleven/NRK
Jøabrua, illustrasjon fra Multiconsult

Planane om bru til Jøa var nærast velsigna av det gamle fylkestinget i Nord-Trøndelag.

Foto: Multiconsult

Løfter til øysamfunn blir stroke

I alle år har øya Jøa, ikkje langt utanfor Namsos, vore avhengig av ferge.

Øya som også blir kalla «Landet i eventyret», eller «Olav Duuns rike», har dei seinare åra, fått så å seie lovnad frå fylkespolitikarane i Steinkjer, i det gamle Nord-Trøndelag, om bru.

Brua til Jøa skulle avløyse den korte fergeturen som tok berre nokre minutt.

Får Atb det som selskapet no vil, ja så vil bruplanane til Jøa bli lagt i skuffa for velmeinte, men for dyre tiltak.

Men planane stoppar ikkje der.

Heller ikkje jarnbane-elektrifisering nord for Trondheim

Det siste som får det til å koke hos mange nord for den store byen i Trøndelag, er at både Trønderbanen, som også er ein del av Nordlandsbanen, og Meråkerbanen som bind norsk jarnbane saman med den svenske elektrifiserte bana som går til Storlien på svensk side, blir offer for kutt.

Begge strekningar som var lova elektrifisering, men kan no kan bli utan dette. For no går staten imot at tiltaket blir sett i gang.

Elektrifisering av Trønderbanen

Nord for Trondheim går alle tog på diesel heilt opp til Bodø. Ei første elektrifisering fra Trondheim til Steinkjer kan no bli stilt i bero. Det same gjeld strekninga Trondheim - Storlien i Jämtland.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

På lokalt hald kan Trønder- og Meråkerbana dermed miste 7,5 millionar som alt var sett av til å få i gang planane om å få begge strekningane elektrifiserte. Når staten trekker seg frå prosjektet, sparer fylkessamferdselstyresmaktene i nye Trøndelag 7,5 millionar kroner.

Framleis bur det flest folk i distrikta

Framleis bur 264 000 menneske i Trøndelag utanfor Trondheim. 193 000 bur i den nye fylkeshovudstaden.

Mange meiner distrikta og norddelen no blir bortprioriterte til fordel for ei formidabel satsing på kollektivtrafikken i sentrum. Mellom anna skal Trondheim få nye, spesialbygde superbussar som treng eigne haldeplassar, for å bringe trønderane i regionhovudstaden frå A til B.

Ikkje pengar ut over det bevilga - er det også kutt?

Leiar for hovedutvalet som skal bestemme kva som no skal skje, er AP-politikar Per Olav Skurdal Hopsø, frå det gamle Sør-Trøndelag.

Per Olav Skurdal Hopsø

Per Olav Skurdal Hopsø, Ap, er leiar for samferdsleutvalet i nye Trøndelag.

Foto: LO

Går han og dei andre politikarane med på forslaga frå Atb, blir det mange stader i nord ikkje muleg å komme seg frå A til B kollektivt.

Skurdal Hopsø seier på si side at også Trondheim blir råka av kutt.

Trondheim har nemleg dei siste åra blitt tilført ekstra millionar frå Atb kvart år. Siste året 20 millionar. No blir den krana stengt.

Men at det er kutt – å ikkje få meir enn bevilga, kan kanskje falle dei litt tungt for brystet, som no får dei reelle kutta.

Skurdal Hopsø innrømmer til NRK Trøndelag at Trondheim får ei veldig kollektivsatsing i åra framover, og at det kan verke som ulik satsing i dei to fylka:

– Eg forstår det kan opplevast sånn. Det kjem til å skje ei voldsom utvikling i Trondheim det neste året, det blir ein revolusjon. Men den kostnaden er staten også med på, legg han til.

Må protestere mot dette

Geir Olav Knappe

Geir Olav Knappe, lokalpolitikar for Venstre og gruppeleiar for partiet i Namsos, vil ha kamp mot distriktskutta.

Foto: Nord Universitet

Geir Olav Knappe, gruppeleiar for Venstre i Namsos, den nordligste større byen i det gamle Nord-Trøndelag, meiner det som no skjer er ei svekking av eit allereie svakt tilbod i kollektivtrafikken i distrika i hans region. Han ber nordfylkes-representantane i det nye fylkestinget ta tak i den skjeivfordelinga som så klart kjem til syne.

– Det er mange som brukar buss, ferge og båt i distrikta i Namdalen. Tilbodet er nedspart allereie. Å skjære ned så brått som det skjer no, betyr at hastverk er lastverk. Dette må vurderast, ikkje kome som kutt utan vidare utreiingar, seier Knappe og legg til:

– I Stor-Trøndelag skulle vi bli betre, ikkje dårlegare.

Buss utfor vegen

Vil kollektivtilbodet i distrikta nord i Trøndelag hamne i grøfta i nye Trøndelag, spør fleire seg.

Foto: Kaja Kristin Ness