Hopp til innhold

Sambuar tiltalt for hallikverksemd – skal også ha delt overgrepsbilete av barn

Trondheimsmannen skal ha ordna sexkundar og tatt betaling for sambuarens prostitusjon. I tingretten må han også svare for oppbevaring og deling av bilete med grove seksuelle overgrep mot små barn.

Trondheim tinghus

HALLIKPARAGRAFEN: Mannen gjorde avtaler og tok betaling for den seksuelle omgangen mellom kundane og sambuaren som jobbar i barnehage. Mannen i 40-åra er også tiltalt for framstilling og deling av bilete av grove seksuelle overgrep mot små barn.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Mannen i 40-åra skal ha byrja som sin sambuars hallik for nokre år sidan ved å annonsere på nettsider som tilbyr prostituerte. I følgje tiltalen frå Statsadvokaten i Trøndelag gjorde han avtaler med sexkundane, tok imot dei og tok betaling for den seksuelle omgangen. Dette skal ha gått føre seg i fire år.

Det er forbode å legge til rette for eller å tene pengar på at andre sel sex, ifølgje den såkalla «hallikparagrafen» som mannen er tiltalt etter. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil fem år.

Det er derimot ikkje forbode å prostituere seg. Kvinna er derfor ikkje tiltalt i saka.

Fortalde om overgrep mot eigne og andre sine barn

Mannen i 40-åra er også tiltalt for oppbevaring og deling av bilete av grove seksuelle overgrep mot små barn. Ifølgje tiltalen skreiv han på Skype om overgrep mot eigne og andre sine barn som han og andre vaksne hadde utført.

– Etterforskinga har ikkje avdekt at mannen har gjort seg skuldig i seksuelle overgrep mot nokon barn, opplyser aktor, politiadvokat Marianne Høyer, til NRK.

Politiet fann minst 6000 bilete og 9 timar med film lagra på data heime hos tiltalte. Strafferamma for dette lovbrotet er bøter eller fengsel i inntil tre år.

Denne delen av saka blei avslørt av politiet etter at prostitusjonen skal ha vorte avslutta, og etter det NRK får opplyst, visste ikkje sambuaren hans om dette. Dei to har små barn saman.

Kvinna sin arbeidsgjevar: - Vi ante ingenting

Kvinna blei ansatt i ein barnehage i Trondheim same året som prostitusjonen i følgje tiltalen skal ha starta. Under etterforskinga av saka mot sambuaren har politiet ikkje varsla barnehagen, sjølv om dei fann mykje overgrepsmateriale med små barn i heimen til sambuarparet. Politiadvokat Marianne Høyer sier dette ikkje var naudsynt av omsyn til etterforskninga, fordi mannen ikkje har gjort konkrete overgrep mot born.

– Vi ingenting om denne saka, seier kvinna sin arbeidsgjevar til NRK.

Den barnehagetilsette vart nyleg innkalla til samtale for å forklare seg om sin rolle i saka. Kva ho har fortalt vil ikkje arbeidsgjevaren gå inn på.

– Men vi er opptatt av å ta ansvaret vårt med alt det inneber.

– Kan ein person som skal ha selt sex og har ein sambuar som er tiltalt for hallikverksemd og deling av overgrepsbilete, framleis jobbe i ein barnehage?

– Det er noko av det vi må ta stilling til, svarer arbeidsgjevaren som elles ikkje vil kommentere saka.

I fjor saksøkte ei kvinne i Agder arbeidsgjevarenetter å ha måtte slutte i jobben fordi ho selde sex på fritida.

Tilstår det meste

Forsvarer for mannen, advokat Frode Wisth, er ordknapp om saka.

– Klienten min erkjenner straffskuld for store deler av tiltalen.

Men etter det NRK har grunn til å tru, avviser tiltalte at det var snakk om prostitusjon og hallikverksemd.

Politiadvokat Marianne Høyer vil ikkje gå inn på bakgrunnen for denne delen av tiltalen.

– Dette blir ein del av bevisføringa i retten, seier ho til NRK.

Saka skal opp i Sør-Trøndelag tingrett seinare denne månaden.

Retting: Etter at denne saka blei publisert har NRK endra tittel og vinkling, gjort nokre presiseringar i teksten og lagt til opplysningar om strafferammer for lovbrota mannen er tiltalt for.