NRK Meny
Normal

Salmesongen vekker oppsikt i utlandet

NRKs sakte-TV-prosjekt «Salmeboka minutt for minutt» vekker internasjonal oppsikt. På tre døgn har norske kor sunge seg gjennom salmeboka – direkte på fjernsyn.

Brumunddal mannskor

Brumunddal mannskor var blant dei 200 kora som deltok. Dei song mellom anna Julekveldsvisa av Alf Prøysen, som no er tatt inn i salmeboka.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Vår Frue Kirke

Vår Frue Kirke i Trondheim var base for salme-maraton-sendinga frå NRK.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Ved midnatt søndag var den norske salmeboka ferdig gjennomsunge.

899 salmar, 200 kor, 60 timar direktesendt fjernsyn – slikt vekker oppsikt både i Noreg og langt utover landegrensene.

Hør radioinnslaget her:

Tom Erik Sørensen og Arne Kristian Gansmo åpner første uke i kalenderen i God Morgen Trøndelag!

Sendinga gjekk i hovudsak frå Vår Frue Kirke i Trondheim, men det var òg synging frå Tromsø, Kåfjord, Fløyen, Maihaugen, Halden, Finnsnes, Utstein kloster, Fredrikstad, Karasjok, Lofthus, Oslo og USA.

Misunnelege på sakte-tv

Tyske ARD hadde søndag eit fem minutt langt tv-innslag i nasjonal sending i programmet Weltspiegel (verdsspeilet).

Chorgesang – drei Tage – non-stop!

Den tyske tv-kanalen ARD

Reporter Clas Oliver Richter trur denne typen underhaldning er interessant også for tyskarane.

– Der kjenner vi ikkje konseptet sakte-tv, og vi er nesten litt misunnelege på at det er muleg å lage så roleg, fint fjernsyn – og at folk likar det, seier Richter.

Helge Gudmundsen er NRKs salmeekspert, og han fortel at mange utanlandske medier har interessert seg for salmemaratonet.

– Vi har mellom anna hatt eit tv-team frå Sør-Korea her for å sjå på korleis vi lagar sakte-tv, seier Gudmundsen.

Det sørkoreanske tv-teamet hadde og med seg den sørkoreanske kjendisen Jaemin Park som til alt overmål song «Alltid freidig» i lag med Trøndernes Mandssangforening.

Den britiske slow-tv-bloggaren Tim Prevett var òg i Trondheim for å følgje sendinga. Han har mellom anna blitt intervjua av BBC om fenomenet.

Tre amerikanske kor deltok via direkteoverføring frå Iowa, noko som sjølvsagt vart fanga opp av aviser der.

16.000 menneske innom kyrkja

Helge Gudmundsen

Helge Gudmundsen, NRKs salmeekspert.

Foto: NRK

Det var Helge Gudmundsen som kom med ideen om å sende salmesongen på tv.

– Eg hadde ingen aning om at NRK ville satse på dette, og at det skulle ta av slik, det hadde eg aldri trudd, seier han.

– Det er som ein draum som har gått i oppfylling. Eg er mållaus, dette har vore ei oppleving for livet.

Da salmesongen nærma seg slutten søndag kveld, viste opptellinga at over 16.000 menneske hadde vore innom Vår Frue Kirke i løpet av helga.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.