Arkivfoto: Anette Sagen
Austerrikske Daniela Iraschko vann rennet med to jamne hopp på 115 og 116,5 meter.
Sagen var noko meir ujevn og hadde 110 meter i førstehoppet:
- Eg var for spent og tenkte for mykje på kva eg skulle gjere i det første hoppet. I andre omgang sa trenaren at eg berre skulle hoppe. Difor greidde eg å sleppe meg meir laus, seier Sagen.
Anette Sagen låg på tredjeplass etter første omgang.
Det såg lenge ut til at kvinnene ikkje fekk hoppe i Holmenkollen i år, men sterke krefter fekk til det fjerde kvinnerennet i Kollen. Iraschko vann også kvinnerennet i 2000 og 2001.