Blodbøken vart planta for om lag 65 år sidan av dei som då eigde huset ovanfor treet. I dag er det eit sameige med fire leilegheiter. Nedanfor vart ein ny einebustad bygd for ti år sidan, som erstatning for huset som stod der før. Her bur Kjetil Bjørvik.
Treet står øvst oppe ved tomtegrensa. Då Bjørvik for nokre år sidan skulle sette opp eit gjerde, oppdaga han at grensa gjekk tvers gjennom stammen. For å unngå å sette gjerdet på nabotomta, monterte han gjerdet i ein boge på nedsida av treet.
– Naboane ville helst sage ned heile treet, men det meinte eg var feil. Ved to høve engasjerte derfor Sameiget gartnar som beskar treet. Men då dei ville gjere det igjen våren 2017, sa eg at vi burde vente ei stund, seier Bjørvik til NRK.
Han meiner det er han som eig treet sidan det meste står på hans eigedom. Det var han som saksøkte Sameiget og kravde erstatning for kappinga av treet i 2017.
Sameiget meiner dei eig treet som står framfor eigedomen deira.
Foto: Stein Roar Leite / NRKTok saga i eigne hender
Det skjedde etter at Sameiget i november 2017 vedtok å beskjere treet og ein av dei som bur der tok saga i eigne hender.
– Då eg kom heim, låg det allereie fleire greiner på bakken som var sagde ned. Eg ba han i treet slutte og ringde politiet, fortel Bjørvik
Først då fekk han vete at naboen med saga sjølv var politi.
Saginga stoppa, men skaden var skjedd.
Spørsmålet om kven som eigentleg eigde treet og kven som skulle betale for å få rette opp skaden, ende dermed i Sør-Trøndelag tingrett.
Treet fekk ny medeigar i retten
Sør-Trøndelag tingrett hadde innkalla fleire vitne då saka var oppe i sommar.
Ein av dei var investor og milliardær Erik Must, fødd i Trondheim. Som liten gut var Must med då mora hans planta bøken i hagen deira på Berg. Hagen som altså er ein del av tomten til sameiget.
Men domen viser at tingretten ikkje har lagt så mykje vekt på kvar treet vart planta og av kven. Den vesle trebusken viste seg å vere svært livskraftig, og med åra breidde røtene og greinene seg utover i hagen og inn over naboeigedomen til Bjørvik.
Derfor kom retten til at dei to partane no eig 50 prosent kvar av treet.
Den gamle bøken fekk altså ein medeigar etter runden i Sør-Trøndelag tingrett.
Men sameiget må betale 38.500 kroner til Bjørvik for å ha kappa greiner av eit tre som retten meiner dei saksøkte eig halvparten av. I tillegg må dei ut med drøye 50 tusen kroner, som er halvparten av advokatkostnadene til Bjørvik.
Det er NRK som fortel Bjørvik at naboane no har anka domen.
– Eg synes heile saka er ubehageleg. Eg hadde håpa at vi kunne løyse dette utanfor rettsalen og eg tilbydde dei eit forlik på 20 tusen kroner for å ta seg til rette. Og dei pengane skulle eg gje til kreftavdelinga for barn på St. Olavs. Det godtok ikkje naboane og då var søksmål einaste utvegen
– Men kvifor meiner du at eit tre som vart planta på naboeigedomen for 65 år sidan, er ditt ?
– Eg fekk målt opp eigedomen då eg kjøpte den, og då viste det seg at store delar av treet står på min grunn. Og naboane spurte jo meg ved fleire høve om det var greit å beskjere det, noko eg sa ja til mot at dei betalte, seier Bjørvik.
Treet ber preg av å ha fått hard medfart på den eine sida.
Foto: Stein Roar Leite / NRK– Dom basert på mistydingar og feil lovbruk
Ingen i sameiget ønskjer å la seg intervjue og viser til advokaten deira, Helle Annfelt Høverstad hos Immer advokat.
– At eit tre veks utover nabogrensa, betyr jo ikkje at naboen brått eig treet. Her har retten brukt og tolka lova feil. Domen er også basert på fleire mistydingar om dei faktiske forholda, seier Høverstad.
– Kor spesiell er denne nabokrangelsaka ?
– Det er uvanleg at ein person nektar trefelling på nabotomta. Det er jo oftare motsett, når treet skuggar for utsyn og sol, seier Høverstad.
No blir det ein ny runde i retten. Men saka kjem ikkje opp for Frostating lagmannsrett før lauvet har falle og ligg skjult under snøen på Berg i Trondheim.
Men blodbøken vil stå der. Enn så lenge.