Hopp til innhold

Saftig sex frå Ragde

Anne B. Ragde byr på erotisk utagering, saftig sex og kjærleik i sin nye roman "Nattønske".

Forfatter Anne B. Ragde
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

- Dette er ikkje noko for tandre sjelar, seier ho til VG.

Den nye romanen til Anne B. Ragde er klar for publikum 20. august. Ho har henta inspirasjon til den nye boka gjennom gigantsuksessen med triologien "Berlinerpoplene", "Eremittkrepsene" og "Ligge i grønne enger".

- Torunns val i Neshov-bøkene har inspirert meg veldig til å skrive "Nattønske". Ho snur jo ryggen til kjærleiken, seier Ragde til avisa.

Heftige skildringar

Romanen "Nattønske" handlar om Anne som er musikkjournalist i Adresseavisen. Handlinga startar med at hovudpersonen er på veg frå Træna-festivalen til Hove-festivalen sommaren 2009. Eit miljø som gir tilgang på masse og uforpliktande sex.

Anne bestemmer alt i livet sitt sjølv og lever eit ganske erotisk utagerande liv.

- Ho er 39 år gamal og boka handlar om hennar forhold til menn. Eg skyr ikkje unna å skildre sex når det er relevant for handlinga, seier Ragde.

Ho legg til at det har vore ei veldig krevjande bok å skrive.

Truga på livet

Anne B. Ragde har også tidlegare skildra seksualitet i bøkene sine. Boka "En kald dag i helvete" vakte sterke reaksjonar grunna dei valdsame skildringane av samleie.

Etter at boka "Bunnforhold" blie gitt ut i 1997 blei Anne B. Ragde truga på livet på grunn av pornografiske skildringar i romanen.

- Seksualiteten er rundt oss overalt, det er ein del av menneskelivet. Eg skriv truverdig om seksualitet. Det kjennes like naturleg for meg meg å skildre hovudpersonens liv på soverommet som på kjøkkenet, seier Ragde til VG.

Ingen sexroman

Ho understrekar at "Nattønske" ikkje er ein sex-roman, men ein kjærleiksroman.

Dei siste to vekene ho arbeidde med romanen rann tårene kvar dag.

- På slutten er ein veldig utslitt og det var ein emosjonell tekst, veldig tett og sårbart. Når ein skriv så lenge går ein inn i ein slags psykose og byter eigen røyndom med hovudpersonen sin. Nå ho gret, gret eg, seier Ragde.

Ragde legg til at ho er rik på livserfaring og godt rusta til å skrive ein kjærleiksroman etter å ha lagt tre ekteskap bak seg.