Dei fleste abortane som blir tatt i Noreg skjer etter at det ikkje blei brukt nokon prevensjon i det heile. I 2022 var det nær 12.000 av dei til saman.
Men over 4000 av dei som tok abort hadde gjort eit eller anna for å unngå å bli gravide. Enten det var å bruke kondom, p-pille eller «hoppe av i svingen» som metode.
– Dei er i sjokk. Dei er veldig frustrerte, seier rettleiar Kristin Bolli Stølan.
Ho jobbar i stiftinga Amathea som hjelper kvinner og par som har blitt gravide utan at det var planen deira.
I fjor hadde rettleiarane ved avdelinga i Trondheim over 500 kvinner og par innom. Dei fleste kvinnene er mellom 25 og 34 år gamle, og ein god del av dei brukte prevensjon da dei vart gravide.
– Den første reaksjonen er kanskje fortviling, kvifor har den ikkje funka? Eg opplever at dei som er i den situasjonen er veldig overraska over at det kunne skje.
Tal frå Abortregisteret viser kva typar prevensjon som går igjen hos dei som vel å ta abort.
Men dette seier ikkje kva prevensjonsmiddel som beskyttar best mot graviditet.
Anbefalinga
Det svaret har lege Trine Aarvold hos Sex og samfunn. Ho jobbar ved den største klinikken for seksuell helse i Noreg. Dei lagar også eit oppslagsverk som helsesjukepleiarar og legar i resten av landet brukar.
– Langtidsverkande prevensjon som spiral og p-stav er dei sikraste vi har, seier Aarvold.
Årsaka er at du ikkje kan gjere noko feil sjølv, sidan dei er plassert inne i kroppen og varar i mellom tre og åtte år.
Dei andre metodane, som piller, plaster og ring, kan også vere sikre.
– Men det avheng av at du er flink til å bruke prevensjonen riktig, seier Aarvold.
Lege Trine Aarvold ved Sex og samfunn gir råd til unge om prevensjon.
Foto: Sverre Lilleeng / NRKHo brukar ofte tid med pasientane sine for å finne ut kva som passar best for dei. Da diskuterer ho for eksempel kor god ein er til å hugse, og har eit greitt system i livet.
Det kan avgjere om ho tilrår å bruke p-piller og gestagenpiller.
– For nokon er det jo ikkje sikkert, og kanskje særleg for dei yngste brukarane som ikkje har blitt vande til å ta ei pille kvar einaste dag.
Studiar er perfekte, men verda er ikkje det
Før det kjem nye prevensjonsmiddel som du kan bruke må dei gjennom grundige studiar. Det gjeld særleg dei med hormon.
Studiane skal vise kva biverknad metodane har, og kor mange brukarar som blir gravide i løpet av eit år.
Men dei som blir plukka ut til å teste prevensjonsmidlane blir følgde opp tett av folka bak studiane.
P-piller beskyttar godt mot graviditet når dei blir brukt rett.
Foto: Erlend Lånke Solbu/Susanne Stubberud Rom / NRKDet får også konsekvensar for resultatet.
– Dei som er med i sånne studiar, blir jo veldig sjeldan gravide. Dei er ekstra motiverte, og vi kallar derfor tala frå slike studiar for «perfekt bruk», fortel Aarvold.
Derfor blir for eksempel p-piller rekna på Pearl indeksen for å vere ein god del sikrare i studiar enn i det verkelege liv.
Ifølge denne oversikta er det berre 3 av 1000 kvinner som blir gravide med pilla kvart år.
Men forskarane har også sjekka kor mange som blei gravide med prevensjon utan at kvinnene blei følgde opp så tett.
Da viste det seg at nær 70 av 1000 blei gravide mens dei gjekk på p-piller.
Svingen i botnen
Denne oversikta viser kor trygge dei ulike prevensjonsmetodane er.
Kilde: E-metodebok for seksuell helse
P-stav er den med færrast graviditetar i løpet av eit år. Så kjem hormon- og kobberspiralane. På tredjeplass er p-sprøyta, og det er først på fjerde at vi finn p-piller og gestagenpiller. Dei deler fjerdeplassen med p-ring og p-plaster.
Aarvold hos Sex og Samfunn understrekar at det er ingen grunn til å skremme folk frå å bruke p-piller eller gestagenpiller. For det er kvinnene sjølve som må finne ut kva som funkar best for dei.
Kondomet har femteplassen.
Heilt på botnen er «hoppe av i svingen». Men sjølv om du finn metoden i Prevensjonsguiden, blir den ikkje rekna som sikker prevensjon i nokon grad.
08/05: Etter publisering blei saka oppdatert med eit avsnitt om «hoppe av i svingen».
Hei!
Så fint du har lest helt hit! Har du innspill saken du har lest, eller andre temaer du mener vi bør se nærmere på? Send oss en epost!
Tidligere har vi blant annet skrevet om:
- Hvordan det gikk da tre ulike kvinner slutta på hormonprevensjon
- Live som brukte ungdomstida til å finne hvilket kjønn hun er
- Hvem som reddet Inger-Lise fra Hitlers gasskammer
Vi vil gjerne høre fra deg!