Mange har kjøpt inn fyrverkeri og gler seg til å fyre av ei real krutsalve på nyttårsaftan.
Nokre så mykje at dei ikkje klarer å vente til den store dagen og kvelden.
Det fekk to venninner i 20-åra i hestemiljøet i Orkanger i Trøndelag erfare tidleg fredag ettermiddag.
– Vi var ute og rei på ei turløype då det kom to–tre smellar. Hesten kasta seg rundt og sprang mot stallen, og venninna mi fall av.
Hestemiljøet er stort i Orkanger i Trøndelag. Her frå ein rolegare ridetur enn den tidlegare i dag.
Foto: PrivatVarsla politiet
Dei varsla politiet, men begge vil vere anonyme.
Dette er ikkje første gongen dei opplever at hestar blir skremde av rakettar, og er glad dei er erfarne ryttarar.
– Det var ikkje eit alvorleg fall, og ho landa i snøen. Sjølv om ho låg på bakken, var ho roleg.
Dei to venninnene varsla frå om hendinga til politiet for å verne dei yngre ryttarane på stallen.
– Vi er redd det skal skje dei noko, sidan dei er så unge.
Gjentakande problem
– Oppskyting av rakettar før nyttårsaftan er eit tilbakevendande problem.
Det seier Ebbe Kimo, operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt.
I forkant av nyttårsaftan får politiet ei rekkje telefonsamtalar frå fortvila dyreeigarar.
– Nokon er meir irriterte enn andre, men vi prøver å oppmode begge partar til å vise forståing, seier Kimo.
Dersom ein skal skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsaftan skal brannvesenet varslast i forkant, opplyser operasjonsleiaren.
Han er sjølv hesteeigar og seier dei fleste som har hest skjermar han på ein stall på nyttårsaftan.
Men oppskyting av rakettar før den store dagen, kan komme som eit sjokk på både dyr og menneske.
Politiet oppmodar derfor folk til å spare fyrverkeriet sitt til nyttårsaftan.
Kan få blackout
Bente Fremo-Marken er hestetrenar og driv selskapet Hestebente. Ho seier hestar er fluktdyr og gjer det dei følar er nødvendig for å vere trygge.
– Når det skjer noko har dei berre ein tanke; å komme seg fortast mogleg bort. Det er ikkje nødvendigvis slik at dei vil kaste ryttaren av, men når dei steglar og snur kan det vere vanskeleg å halde seg på hesten, seier ho.
Hestetrenaren meiner det kan vere veldig uheldig å sende opp rakettar før nyttårsaftan. Folk må også passe på å ikkje skyte opp rett ved sida av hestar.
– Dei kan få blackout. Det er ein grunn til reglane. Då kan vi som har dyr laga ein plan på det, seier ho.
HESTETRENAR: Bente Fremo-Marken meiner det kan vere svært uheldig at folk skyt opp rakettar før nyttårsaftan.
Foto: PrivatKlare forholdsreglar
Sjølv unngår ho å ri hestane sine på nyttårsaftan, for å sleppe å hamne i nærleiken av fyrverkeri.
Når rakettane blir skotne opp på kveldstid oppheld ho seg i stallen med hestane, slik at ho kan roe dei ned dersom dei blir stressa.
– Dei som har naboar med mykje dyr som hestar og kyr, må vise omsyn. I dag small det medan det enno var lyst, og på feil dag.
Det fortel venninnene, som har klare forholdsreglar i stallen i Orkanger framfor nyttårsaftan. For dei veit det vil smelle.
– Dei kan jo skyte opp rakettar frå klokka 18.00 til to om natta. Derfor set vi inn hestane allereie kl. 14.00. Dei får ikkje sjå ut, radioen er på mykje høgare enn vanleg, dei får meir mat og nokon er innom heile tida.