Hopp til innhold

Røykutvikling i einebustad i Leksvik

Politiet i Trøndelag melde om ein brann i ein einebustad i Leksvik like etter kl. 17. Det skal vere snakk om røykutvikling på eit kjøkken. Tre personar har kome seg ut av huset og er uskadde.

– Det er ingen opne flammar, men mykje røyk. Ifølge brannvesenet ser det ikkje ut som det er fare for spreiing, fortel operasjonsleiar Anne Birgitte Arras i Trøndelag politidistrikt til NRK.