Hopp til innhold

Røde Kors-sjefen inviterer Rotmo til Syria

Presidenten i Røde Kors, Sven Mollekleiv, inviterer Hans Rotmo med til Syria, etter Rotmo sin kritikk i helga av muslimar som folkegruppe.

Sven Mollekleiv

Presidenten i Røde Kors meiner Hans Rotmo hadde hatt godt av eit møte med verkelegheita i Syria, slik han no omtalar folk på flukt frå krig og naud

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Til Trønder-Avisa samanlikna Rotmo menneskegruppa med ei miljøforureining i Europa, og fekk sterke reaksjonar, mellom anna frå den lokale muslimske bloggaren Fatima Almanea, frå Verdal.

Presidenten i Røde Kors har personleg vore i Syria tre gonger i det siste. Han har også besøkt alle nabolanda til det råka landet, som står midt i ei borgarkrigskatastrofe som fører muslimar på flukt til tryggare strok av verda.

Sven Mollekleiv trur Rotmo ville kome på andre tankar om han blei med dit.

Bad folk late vere å flykte

Til Adresseavisen sa Rotmo laurdag at ikkje ein gong borgarkrigen gjer det rett for folk å forlate landet sitt, men at folk må løyse sine eigne problem der dei er.

Hans Rotmo

Hans Rotmo meiner muslimar må halde seg der dei er og ikkje sleppast inn i Europa.

Foto: NRK / NRK

– Flyktningar og innvandrarar lagar problem der dei kjem. Dei kjem til eit framand land og krev og få det på sitt vis der dei kjem, sa Rotmo, ifølgje avisa.

– Rotmo må få sjå røynda på kroppen

Hans Rotmo treng eit møte med det som skjer der nede, meiner Røde Kors-sjefen.

Eit møte med krigen, eit møte med folk i Syria, med familiar som har levd med redsla, vil truleg endre synet hans på verkelegheita, trur Mollekleiv.

– Hans Rotmo kjenner ikkje frykta, har ikkje levd i galskapen, seier Mollekleiv.

– Om det er trygt, må vi reise

Med atterhald om at det kan vere for farleg å reise inn i Syria, ber Mollekleiv Rotmo med seg på ei slik reise.

Damaskus

Her er Sven Mollekleiv under ei vitjing i Damaskus under ein av Syria-turane sine.

Foto: MØRTVEDT, Mari Aftret/Røde Kors

Hans Rotmo har ikkje svart på invitasjonen frå Mollekleiv via avisa. Han var ikkje tilgjengeleg for avisa da dei prøvde å ringe han søndag kveld.