NRK Meny
Normal

Vinn med glans - kanskje alt søndag

Det er litt av eit problem Rosenborg har: Dei kan vinne serien i Bergen i dag. Men aller helst vil dei vente til neste helg.

RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen

RBK vil helst vinne framfor eigne fans på Lerkendal, seier trenar Kåre Ingebrigtsen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Vi reiser for å ta tre poeng. Vi blir gjerne seriemeistrar i Bergen vi, sier Kåre Ingebrigtsen. Anna kan han nemleg ikkje seie.

Med fem serierundar att kan Rosenborg vere seriemeister alt søndag kveld på Brann Stadion.

Men aller helst vil RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen vente til neste helg.

Gjevast å vinne på Lerkendal

Strengt tatt vil han helst avgjere seriemesterskapet på Lerkendal:

– Vi vil gjerne avgjere der, framfor eigne fans.

RBK-trening for kamp mot Brann - Nicklas Bendtner

Nicklas Bentner har vore med og sikre den suverene sigeren til Rosenborg i årets eliteserie.

Foto: Morten Andersen / NRK

Einast Rosenborg øydelegg spenninga

Kven som tar dei andre medaljane er Ingebrigsten ikkje så opptatt av mens Rosenborg spaserer fram til gull.

Men han legg merke til at det er spennande tider for laga i botnen av tabellen og mellom dei som kjem eit stykke etter Rosenborg og skal slåss om sølv og bronse.

Brann ser ut til å miste medalje-sjansane, ikkje minst om Rosenborg vinn i morgon. Ingebrigtsen registerer det, utan at han meiner det betyr noko for laget hans.

Forandringar på laget mot Brann

Zenit-laget frå torsdag blir endra, seier trenaren. Det har vore eit tett kamp-program i det siste. Men RBK vil uansett mønstre eit sterkt lag i Bergen.

Mike Jensen Rosenborg

Mike Jensen har vunne serien med Rosenborg både i Drammen og Molde. Denne helga kan det skje i Bergen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Mike Jensen trente saman med lagkameratane laurdag i Trondheim, i finveret.

Den vesle danske kapteinen har vunne seriemesterskap med Rosenborg i Drammen og i Molde tidlegare. Søndag kan Bergen bli den tredje staden.

Om ikkje dei da må vente ei veke, slik at klubben får oppleve å vinne heime ein gong også. Det er lenge sidan no.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.