Hopp til innhold

Tøff trekning for RBK - møter Ajax

Rosenborg får tøff motstand i playoffen til Europaligaen, då dei møter Ajax frå Nederland. Skal RBK redde norsk fotball ute i Europa må dei slå laget over to kampar.

FBL-EURO-C3-AJAX-NICE

Rosenborg møter Ajax frå Nederland i Europaligaen.

Foto: OLAF KRAAK / AFP

Mesterligadraumen glapp for Rosenborg, og no kan vegen ut i Europa bli minst like tøff. Det er nemleg avgjort at RBK skal møte Ajax i Europaligaplayoffen, noko som vart klart under fredagens trekning i Nyon.

Første oppgjer blir på bortebane 17. august, medan returoppgjeret på Lerkendal blir 24. august.

– Det er nok den tøffaste motstandaren vi kunne få, men det blir og dei kulaste kampen. Reaksjonane frå resten av laget var litt blanda, då nokre håpa på enklast mogleg motstand - medan andre håpa på hardast motstand, seier Pål André Helland etter trekninga på fredag.

Dersom Rosenborg vinn playoffen mot Ajax kjem dei vidare til gruppespelet i Europaligaen.

Sist RBK møtte Ajax var under gruppespelet til Champions League i oktober i 2002. Stillinga vart då 0-0 på heimebane og 1-1 i Amsterdam. Nederlendarane kom til finalen i Europaligaen i fjor, kor dei tapte 0-2 mot Manchester United.

Champions League kvalifisering 2017: Rosenborg - Celtic. (0-1)

Det var ein skuffa Pål André Helland etter vekas tap mot Celtic. Her får han hjelp til å komme seg opp av tidlegare Rosenborgspelar Mikael Lustig.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Held fast i håpet

RBKs Helland seier at han er nøgd med dagens trekning, då det blir ei stor utfordring han gler seg til.

– Ajax er eit stort lag. Dei var tapande finalist i fjor, og dette kjem til å fylle Lerkendal. Det blir to artige oppgjer for norsk fotball, seier Helland.

– Så de har framleis trua på Europaligaen?

– Ja det er håp. Slår vi Ajax så fortener vi verkeleg å vere der. Vi var ganske nær mot Celtic, og Ajax er kanskje endå eit hakk opp. Det blir tøft, men vi tek utfordringa!

Helleland seier at no skal dei vinne mot Kristiansund, Jerv og Molde, før dei møter Ajax om cirka to veker.

RBK-Sogndal

Siger til Rosenborg ved Milan Jevtovic under eliteseriekampen mellom Rosenborg og Sogndal på Lerkendal stadion 25. juni.

Foto: OLE MARTIN WOLD / NTB scanpix

Tøffe lag i trekninga

Det var stor spenning knytt til kva lag Rosenborg ville møte under playoffen til Europaligaen. Laga det stod mellom var Ajax, Fenerbahçe, Ludogorets Razgrad, BATE Borisov, Dinamo Zagreb og Maccabi Tel-Aviv. Alle desse laga er seeda, noko trondheimsguttane ikkje er.

Rosenborg trakk først Dundalk, deretter Celtic, i kvalifiseringsrundane til mesterligaen. No har dei trekt Ajax, og mange meiner RBK har vore svært uheldig i trekningane.

– Eg og har lagt merke til at vi trekke dei tøffast seeda laga fleire rundar på rad, men det er ikkje noko vi kan bruke energi på, seier Stig Inge Bjørnebye, sportsleg leiar i RBK.

Eliteserien fotball 2017: Vålerenga-Rosenborg (1-1)

RBKs sportslege leiar Stig Inge Bjørnebye har lagt merke til at laget har trekt tøffast moglege motstandarar i dei siste rundene.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Viss vi ser på rangeringa så kunne vi vore heldigare. Men vi kjem til å handtere dette på vanleg måte med å møte godt førebudd. Vi kjem til å vere offensive og positive, og vi skal gå inn i dette med ambisjonen om å vinne, seier Bjørnebye.