Rosenborg må tette igjen mot AIK

Rosenborg tåler ikkje tre baklengsmål mot svenske AIK Stockholm på onsdag.

Rosenborg-scoring mot AIK

Markus Henriksen sørga for 1-0 siger i Stockholm forrige veke.

Foto: Lundahl, Pontus / SCANPIX

– Vi må nok spele med litt mindre risiko på onsdag. Det er meir skjebnesvangert å sleppe inn tre mål mot AIK enn mot Haugesund. Men vi må halde fram med å tørre å angripe, for når vi gjer det er vi gode og lagar masse mål, seier sportsleg leiar i Rosenborg, Erik Hoftun, til NRK.no.

Høgare nivå

Rosenborg slapp inn tre baklengsmål mot Haugesund i eliterseriekampen på Lerkendal søndag. Men ein god Steffen Iversen sørga likevel for at Rosenborg til slutt vann 4-3.

Kaptein Roar Strand meiner laget må heve seg nokre hakk før meisterligakvalifiserings-kampen mot AIK Stockholm.

– Vi kan ikkje sleppe inn slike mål, for vi greier ikkje å score like mange mot AIK. Vi må heve oss, rett og slett, seier Strand til RBK.no.

Viktigaste kamp

Kampen mot AIK er ein av dei alle viktigaste kampen for Rosenborg denne sesongen.

I den første kampen sørga Markus Henriksen for 1-0 siger til Rosenborg.

– Vi har ein ambisjon om å spele med Rosenborg i Europa kvar sesong og om vi slår AIK, når vi det målet i år, seier Hoftun.

– Kjem til å kjempe som ei såra løve

Anthony Annan er førebudd på ein aggressiv motstandar på onsdag.

– Eg ser for meg ein tøff kamp. AIK vil kjempe som ei såra løve. Dei har ingenting å tape og alt å vinne slik eg ser det, seier midtbanespelaren til rkb.no.

Kampen blir spelt på Lerkendal klokka 2045 onsdag 4. august.

Video fra Trøndelag

Rekordmye regn førte til store problemer i hele Trøndelag. Ras stengte blant annet E14 mellom Stjørdal og Storlien , og i Selbu ble mer enn 400 personer isolert da veien ble sperret av skred.
Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing
1500 besøkende i helgen