Hopp til innhold

Ronja (18) følgjer draumen – satsar utradisjonelt

Svært få kvinner vel same yrkesveg. – Vi går heilt sikkert glipp av gode folk fordi vi rekrutterer så få jenter, seier opplæringsleiar.

Ronja Marie Selen Myrvold går i lære som bergsprenger.

MANNSDOMINERT: Ronja (18) skal bli bergsprengar. I dag er det over 90 prosent menn som vel fjell- og bergverksbransjen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det som er kjekt med sprenging er at ein ser så stor forskjell før og etter, seier Ronja.

E6 i Trøndelag skal oppgraderast og det blir bygd mange nye tunnelløp. Då blir det også fyrt av ein del dynamittsalver.

18 år gamle Ronja Marie Selen Myrvold frå Malm fekk nyleg æra av å skyte gjennomslagssalva i det nye løpet i Væretunnelen. Den ligg i grensa mellom Trondheim og Malvik kommune.

– Det var veldig artig. Det var noko å sette i minneboka, seier Ronja.

Ho er lærling i fjell og bergverk i firmaet Bleikvassli Gruber.

For tre veker sidan såg dei endeleg lys i enden av tunnelen etter 398 sprengingar. Eitt steg nærare ny E6.

Gjennomslag i Væretunnelen

LYS: Her har bergsprengarane gjort gjennomslag i den nye tunnelen utanfor Trondheim.

Foto: Nye Veier - E6 Trøndelag

Ei av få kvinner

Fascinasjon for eksplosjonar og smell er ofte noko gutar og menn interesser seg mest for, men Ronja følgjer opp sprengingskunnskapane i familien.

Både morfaren og onkelen hennar jobba nemleg med gjennomslaget i den første Væretunnelen i 1987. Dei jobba frå kvar si side av tunnelen, og møtte kvarandre her.

– Det er artig at ho har følgt i våre fotspor, seier onkel Knut Selen, som er tydeleg på at det er plass til fleire kvinner i yrket.

Olav Kyrre Selen og Knut Selen er begge bergsprengarar. Dei var med å få gjennomslag i den første Væretunnelen i Trøndelag.

FAMILIEN: Både morfar Olav Kyrre og onkel Knut er bergsprengarar. Familien Selen Myrvold har sprengt seg gjennom Trøndelag i tre generasjonar.

Foto: Privat

Mangel på folk

Men å vere i eit mannsdominert yrke er ikkje noko problem for Ronja.

– Det går greitt. Det er godt arbeidsmiljø her, seier ho.

Bergsprengingsleiar Terje Dolmseth i Acciona er godt nøgd med jobben Ronja gjer.

– Det er bra at det er fleire og fleire kvinner som vil satse på ei karriere innanfor dette yrket.

– Kvinner er meir nøyaktige enn enkelte mannfolk, legg han til.

Han fortel at det er mangel på folk innanfor faget no. Spesielt kvinnelege bergsprengarar.

Går glipp av gode folk

Det er noko Olav Asklund kan bekrefte. I dag er det berre mellom 7 og 8 prosent kvinner som tek denne utdanninga.

Det er for lite, meiner Asklund, som leiar opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i Trøndelag.

Tala er like over heile landet, sjølv om dei jobbar aktivt for å gjere situasjonen betre. Kvinnedelen aukar ikkje.

Fyrer av sprengsalve

EI AV FÅ: Her fyrer Ronja Marie Selen Myrvold av sprengstoff i Væretunnelen. Men på utdanninga ho går er det berre mellom 7 og 8 prosent kvinner.

Foto: Nye Veier - E6 Trøndelag

– Det er ikkje noko grunn til at kvinner ikkje skal velje desse faga. Vi går heilt sikkert glipp av gode folk fordi vi rekrutterer så få jenter, seier Asklund.

I Trøndelag er 4 av 26 lærlingar i fjell- og bergverksfag jenter.

Dei siste åra har kontoret arrangert fleire samlingar med kvinner innanfor anleggsfaga for å ta tak i utfordringa. Målet har vore å få hjelp til å rekruttere fleire jenter.

Men erfaringa til Asklund er at vala jenter gjer er svært tradisjonelle. Bransjen ser ei auke etter at dei gjer tiltak, og så fell det tilbake igjen når tiltaka forsvinn.

LES OGSÅ Stor prisforskjell mellom tog og buss: Her må du ut med ein hundrelapp ekstra

Tog i Steinkjer

– Ein må følgje draumane sine

Sjølv om det no er gjennomslag i Væretunnelen, driv dei framleis med sprengingsarbeid. Tunnelen er tidlegast klar til bruk i 2023.

– Det er mykje å sette seg inn i. No held vi på med grøfteboring og sprenging. Det er viktig å ha tolmod, fortel 18-åringen.

Ronja gjekk teknikk og industriell produksjon i Steinkjer og anleggsteknikk i Åfjord.

Ronja Marie Selen Myrvold

MÅLRETTA: Sjølv om ho har få kvinnelege kollegaer skryt Ronja Marie Selen Myrvold av arbeidsmiljøet.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Men det er ikkje mange av dei jamaldrande venninnene som har valt same karriereveg.

– Det er kanskje nokon som vel det same som vennane. Kanskje dei trur det blir for tungt. Det er jo mykje ansvar, påpeikar ho.

Karriereplanen hennar er i alle fall klar:

– Ein må jo følgje draumane sine. Eg har veldig lyst å bli bergsprengar.

LES OGSÅ Er dette Norges lengste bilkø?

Oversiktsbilde tatt med drone over Stavåbrua på E6 i Rennebu