Hopp til innhold

Rognes jubla for evighetsmaskina Bjørgen

Drosjesjåføren i bygda var der. Bygdekjerringene var der. Ungjenter med Marit Bjørgen som sitt store forbilde. Gamle damer med Marit-feber. No skulle ho vinne gull igjen, ho Marit.

Rognes Marit Bjørgen-land

Rognes er Marit Bjørgen-land. Der er VM-gull rein rutine.

Foto: Bent Lindsetmo

I dag såg han på eleven han hadde skyssa i ti-tolv år, vinne sitt attande VM-gull på ski.

Drosjesjåfør Alf Storø

Alf Storø kjørte Marit Bjørgen til og frå skolen i taxien sin i mange år.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Alf Storø, 77 år, og taxisjåføren til Marit Bjørgen i ti-tov år fekk sjå det han ønska å sjå. Marit låg først i sporet mest heile vegen og vann spurten, framfor tre andre norske jenter.

Gull-Marit køyrde taxi til skolen

Marit hadde Alf som sin private sjåfør i mange år.

Ho hadde nemleg taxi til og frå skolen. Heimen låg så langt unna at det var alternativet på den sju kilometer lange skolevegen. Enda ho fekk drosje til og frå, vart ho inga lat jente, på ingen måte.

– Marit var stille og roleg når ho satt på, seier Alf. Han ser inn i kamera til NRK som er på besøk i Rognes da Marit nok ein gong går inn til gull laurdag.

– Ho er god til å gå på ski, Marit, seier Alf.

Alle vil helse til gulljenta

Astrid Aunøyen og Ingeborg Haugen såg på skirennet saman på Rognes, Ingeborg er snart 90 år.

Astrid Aunøyen (t.v), og Ingeborg Haugen, Rognes

Astrid Aunøyen og Ingeborg Haugen heia på Marit.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Dei likar den jordnære jenta som er blitt beste langrennskvinna i verda.

– Ho helsar bestandig, fins ikkje likare jente, seier dei to.

I dag innfridde ho igjen, Rognes-ekspressen.

Overraska var det ingen som var på Rognes denne laurdagen i februar. Lathi, Falun, Holmenkollen eller Val di Fiemme. Ingen er som Marit