– Eg er veldig fornøgd. Det er utruleg artig å ha runda 100 000 besøkande i år, seier direktør ved Rockheim, Petter Myhr til NRK Trøndelag.
Interaktivt museum
Rockheim opna dørene for publikum 5. august i fjor og totalt har rundt 170 000 vore innom dørene på museet sidan opninga.
Det spektakulære opplevingssenter med sin flotte arkitektur og mange spennande utstillingar har tydelegvis fenga publikum.
Besøkande kan boltre seg i 25 000 bilder, 210 000 låter og 4 000 videoar. Interaktivitet er eit stikkord som går igjen i det moderne museet.
– Publikum kjem tilbake for å oppleve nye ting og for å sjå meir, seier Myhr.
Han trur det ein av grunnane til at så mange har funne vegen til Rockheim i år.
Spennande haust
Utover hausten skjer det fleire spennande ting på Rockheim.
Førstkomande tirsdag er det kryssavhøyr og konsert med Mayhem. Det er ein del av det nye konseptet Rockheimkunnskap.
– Dette er ein unik sjanse for publikum til å komme og snakke om musikken og etterpå bli med på konsert, fortel Myhr.
3. november kjem Dag Ingebrigtsen til Rockheimkunnskap.
Håper på 30 000 til
Direktøren på Rockheim håper nasjonalmuseet for pop og rock håper på godt besøk også dei tre siste månadane i år.
– Vi kan kanskje nå 130 000 innan året er omme, seier Myhr.