Hopp til innhold

Roan kan få drikkevatn til nyttår

Drikkevatn frå springen er mangelvare i Roan. Bly, aluminium eller for lite vasstilførsel er blant problema ved vassverka i kommunen. Men no er det håp.

Drikkevann

Innbyggjarane på Sumstad i Roan har ikkje hatt lov til å drikke vatnet i springen sidan mai. Det er til tider så høgt blyinnhald i vatnet at det kan vere farleg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sumstad i Roan

Her har vatnet vore udrikkeleg sidan mai: Sumstad i Roan.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

På Sumstad er det bly i vatnet, mens Roan vassverk har vore plaga med aluminium.


I vassverket på Hopstad er vatnet reint, men det er for lite av det, og i vår tørka kjelda nesten heilt ut.

Må hente vatn frå ein tank i bygda

Verst er situasjonen på Sumstad. Der er blyinnhaldet til tider så høgt at det ville vore farleg å drikke det.

Sidan mai har det vore forbod mot å drikke vatn frå springen.

Det gjer kvardagen utfordrande for husmor Torill Terning på Sumstad.

– Det er tungvint, i og med at vi må hente vatn til matlaging frå ein tank eit stykke unna der vi bur, seier ho.

Mannen hennar, Per Ivar Terning, er irritert på kommunen, og meiner at innbyggjarane ikkje får nok informasjon om saka.

– Vi var på eit møte i juni, sidan har vi ikkje høyrt noko. Heilt sidan mai har vi vore nøydd til hente vatn frå ein tank, men det er ikkje alltid det er vatn der heller. Da må vi kjøre enten til Roan eller Strøm og fylle opp. Det er ikkje bra, seier Terning.

Har funne områder med godt vatn

Men no skjer det ting i kommunen.

Vasskvaliteten ved Roan vassverk har vore heilt i orden sidan tidleg i år, og det er ikkje lenger for mykje aluminium i vatnet der. Aluminiumsnivåa utgjorde heller ingen helsefare.

No har kommunen hatt ein geolog på besøk for å finne områder kor det er vatn, og kor dei kan prøvebore på Sumstad og Hopstad.

– Geologen har funne områder med ganske bra vatn, og dersom alt går etter planen, skal vi vere i gang med arbeidet for å skaffe godt drikkevatn no i haust, seier Geir Halvorsen, som er driftsoperatør for vassverka i Roan.

– No må vi sjå på prøvene av vatnet og kor lenge vi må prøvepumpe. Kanskje kan vi ha bra drikkevatn i kranene mot nyttår, seier Halvorsen.

– Folk har venta lenge nok på vatn

Rådmann Roy Bjarne Hemmingsen meiner det ser lysare ut enn tidlegare.

– No håpar eg at vi får ting på plass så folk får trygt drikkevatn. Folk i Roan har venta lenge nok på reint vatn no, seier rådmannen.

Det er ekteparet Terning heilt samde i, men dei syns arbeidet går tregt.

– Det er ei trøyst at noko skjer, men det kunne jo ha skjedd mykje tidlegare. Det har vore tungvint nok å hente vatn om sommaren, men no kjem jo vinteren snart, og da blir det enda verre. Kommunen har halde på med dette sidan mai, seier Per Ivar Terning.