Hopp til innhold

– Mistenkeleg at kroppen til Odin aldri har vorte funnen i sjøen

Foreldra til den unge mannen som aldri kom heimatt til Skaun etter ein bytur, greier ikkje å slå seg til ro.

Odin André Hagen Jacobsen

FEKK IKKJE MEDHALD: Foreldra til Odin klagde på at saka skulle leggas bort, men fekk ikkje medhald hos Riksadvokaten.

Foto: Privat

I januar meinte statsadvokaten i Trøndelag at Odinsaka burde leggast bort.

Det mest sannsynlege er at 18-åringen er død og at han hamna i sjøen på Brattøra i Trondheim, meiner statsadvokaten.

Foreldra til Odin klaga avgjerda til Riksadvokaten, men fekk ikkje medhald i at fleire sider ved saka bør etterforskast på nytt.

Å ikkje få svar på kva som skjedde med sonen er tungt å bere.

– Vi er forundra over at ting som vi har spelt inn ikkje blir tatt omsyn til, seier far Dan Yngve Jacobsen til NRK torsdag.

Overvåkingsbilde av Odin savnede (18)

Eit av fleire bilete frå overvakingskamera som viser Odin i Trondheim sentrum natt til 18. november 2018.

Foto: Politiet

Dette er nokre av hendingane som statsadvokaten går gjennom i samband med henlegginga:

Hotelgjengen

Kvelden Odin var på byen i Trondheim møtte han fire andre kjende som etter kvart enda på eit leigd hotellrom i Trondheim sentrum.

Alle kameratane har vorte avhøyrde av politiet. Dei har fortalt at dei sist såg Odin då dei skilde lag utanfor hotellet i firetida natt til sundag. Videoovervaking stadfester dette.

Politiet fekk opplysningar om at det skulle ha vore ein konflikt mellom Odin og ein annan i gjengen. Avhøyr av mennene skal ha avdekt at konflikten var løyst fordi Odin verka å vere i «godt» humør den kvelden.

Dette går fram av den skriftlege gjennomgangen til statsadvokaten av saka. Dette vart offentleggjort torsdag då saka vart lagt bort av Riksadvokaten.

Alibia og teledata til kameratgjengen er nøye gjennomgått, meiner statsadvokaten. Ingen frå hotellgjengen var i nærleiken av Odin då han gjekk mot hamna på Brattøra like før klokka 6 morgonen.

«Statsadvokatene kan ikke se at ytterligere avhør og undersøkelser rundt personene på hotellrommet denne kvelden gir rimelige utsikter til å opplyse saken videre», skriv statsadvokat Kaia Strandjord.

Dette biletet er henta frå ei gjenoppretta videofil frå eit overvakingskamera på hamna i Trondheim.

Biletet er henta frå ei gjenoppretta videofil frå eovervakingskamera på hamna i Trondheim sundag i 12-tida. Odin var sett på same staden seks timar før.

Foto: Politiet

Den kvite bilen

I mars 2020, nesten to og eit halvt år etter at Odin forsvann, gjekk politiet ut med video av ein kvit bil som vart funne på gjenoppretta videomateraie frå Trondheim havn.

Ein mann stoppar ved nokre paller, ryggar inn, går ut av bilen og forsvinn bak den.

Dette er sundag føremiddag, seks timar etter at Odin er fanga på video på same staden.

Det var her mellom anna ein sko som tilhøyrde Odin vart funne eit par veker etter forsvinninga 18. november 2018.

Politiet hadde freista å finne kven bilføraren var i mange månader før dei gjekk offentleg ut for å få hjelp.

Eit tips frå publikum hjelpte dei til å finne fram til føraren av den kvite bilen.

I avhøyr vedgjekk han å ha tatt eigedelar til Odin frå hamna den aktuelle sundagen.

Dette var ting som i april 2019 vart funne delvis utbrende i eit bål på Jonsvatnet 15 kilometer frå hamna.

Men det var ikkje første gongen mannen var avhøyrd om Odinsaka.

Les også Overraskande funn i Odin-saka gjorde at politiet trappa opp etterforskinga

Odin

Hemmeleg etterforsking etter funn

For like før politiet vurderte å avslutte etterforskinga av Odinsaka våren 2019, melde ein privatperson seg til politiet og sa han hadde funne ting i eit bål på Jonsvannet. Desse tinga meinte tipsaren kunne tilhøyre den sakna.

Ei omfattande hemmeleg etterforsking vart sett i verk for å finne ut om Odin hadde vore ved Jonsvatnet etter at han drog frå sentrum natt til sundag.

Skjulte kamera vart sett opp og 128 personar som ferdast i området vart avhøyrde om dei kjende til noko om Odin.

Ein av dei som vart sett på det hemmelege kameraet i skogen i april 2019 var mannen med den kvite bilen frå hamna.

14 gonger var bilen hans observert på kamera ved Jonsvatnet, går det fram av den skriftlege gjennomgangen frå statsadvokaten.

Men i avhøyret i august 2019 forklarte han at han ikkje kjende til verken Odin eller gjenstandane i bålet.

Dette skulle vise seg å ikkje vere sant.

Den omfattande etterforskinga ved Jonsvatnet førte ikkje politiet nærare i svaret på kva som hadde skjedd med Odin.

Fekk panikk

Mannen med den kvite bilen vart kalla inn til nytt avhøyr våren 2020 etter at videosnutten frå Brattøra hjelpte politiet med å finne føraren.

Konfrontert med at bilen hans var sett mange gonger ved Jonsvatnet, vedgjekk mannen at han ikkje hadde snakka sant i det første avhøyret året før.

No forklarte han at han hadde teke med seg eigedelar frå Brattøra sundag føremiddag 18. november. Først nokre veker seinare skjønte han at det kunne vere Odin sine ting. Då fekk sjåføren panikk fordi han ikkje ville blandast inn i Odinsaka.

Derfor bestemte han seg for å kvitte seg med tinga ved å brenne dei på Jonsvatnet, ifølgje han sjølv.

Politiet har gått grundig gjennom historia og livet hans.

Bompasseringar, teledata og vitneavhøyr skal vise at han ikkje var i nærleiken av Odin før han forsvann eller på Brattøra sundags morgon.

«Dette må videre ses i sammenheng med at det ikke er holdepunkter i saken for at Odin på tidspunktet for forsvinningen var sammen med noen andre eller at han ble forfulgt av noen som kan ha hatt til hensikt å ramme ham med noe straffbart».

Men statsadvokaten legg ikkje skjul på at mannen med den kvite bilen ga politiet svært mykje meirarbeid:

«Ødeleggelsen av disse gjenstandene i stedet for å bringe de inn til politiet, har medført en omfattende etterforsking. Etter statsadvokatenes oppfatning har (NN. namn på sjåføren) opptrådt sterkt klanderverdig da dette har kostet stor etterforskningsressurs og utsettelse av avgjørelse i denne saka».

Foreldrene til Odin André Hagen Jacobsen (18) fra Skaun

Mor Ingunn Hagen og far Dan Yngve Jacobsen på kaia der sonen sist vart sett på overvakingskamera på Trondheim havn,

Foto: Morten Andersen / NRK

– Mistenkeleg

Foreldra til Odin har heilt sidan han forsvann engasjert seg sterkt i saka.

Faren viser til at personar som druknar i Nideelva eller i sjøen i Trondheim sentrum blir funne før eller seinare.

Det viser statistikk både frå brannvesenet og Redningsselskapet.

– Det at kroppen til Odin aldri har vorte funnen i sjøen, oppfattar vi i seg sjølv som mistenkeleg, seier Dan Yngve Jacobsen.

Dei har spelt dette inn til Riksadvokaten, som svarer at det også finst saknasaker frå området der ein aldri har funne den personen.

Riksadvokaten meiner derfor at det ikkje er mistenkeleg i seg sjølv at Odin ikkje er funnen dersom han hamna i sjøen.