Etter at kvinnegruppa Ottar politimelde Krogstad, starta politiet ny etterforsking i fjor.
Nektar straffskuld
Krogstad har drive i «erotikkbransjen» i Trondheim i mange år. Då han måtte i fengsel stengde også sexklubben «Club 4». Klubben var ein møtestad for vaksne betalande medlemer. Den gjenopna i 2013. Tiltalen gjeld frå hausten 2016 til januar 2019. Krogstad er tiltalt for å ha formidla kontakt mellom prostituerte og dei som ville kjøpe sex. Det er ulovleg etter paragraf 315, den såkalla «hallikparagrafen».
Han er også tiltalt for å ha stilt lokale til rådvelde for verksemda.
Forsvararen hans, Farhad Shæriæti, opplyste til NRK fredag at Krogstad kjem til å erklære seg ikkje skuldig i Trøndelag tingrett i dag.
«Kjøpe dame i kveld?»
Måndag føremiddag la aktor, politiinspektør Per Morten Brobakke, fram omfattande dokumentasjon frå mobilen til tiltalte. Her er det mange SMS-ar mellom Krogstad og menn. Krogstad formidlar også kontakt mellom prostituerte og menn via mobilen.
Til ein mann skriv tiltalte: «Kjøpe dame i kveld?»
Tiltalte sender så mannen mobilnummeret til ei kvinne. Han skriv at kvinna pratar mykje, men «er med på det meste i den rette stemninga».
I andre SMS-ar ber han menn om å møte i kjellaren til Club 4-butikken i Trondheim sentrum på eit gitt tidspunkt.
Tiltalte skriv også prisar, vanlegvis rundt 1500 kroner. Men legg til at kvinna er verd meir men at han «prøver å dempe henne.»
Til ei anna kvinne skriv Krogstad at ho ikkje må seie noko om dette til andre.
Aktor vil med dette bevise at tiltalte formidla kontakt mellom sexkundar og prostituerte.
Kontakten har hovudsakleg gått på tiltalte sin mobil. Krogstad opplyste i retten at han har 3000 kontaktar lagra. Han slettar heller ikkje meldingar.
– Eg har ingenting å skjule. Derfor overleverte eg også telefonen til politiet og gav dei PIN-koden då eg vart pågripen.
Nektar for å ha formidla sex-tenester
Då domar spurte han om yrke, svarte Krogstad:
«Marknadssjef og produktutviklar»
Tiltalte forklarte i retten at det ikkje er snakk om sexkjøp i meldingane, men massasje og stripping.
– Politiet har etterforska saka svært subjektivt og fordomsfullt, sa tiltalte.
Krogstad meiner han og Club 4 er stigmatisert sidan domen i 2002.
– Eg er ein frisinna og fordomsfri mann. Eg kjenner mange prostituerte, men har aldri formidla kontakt mellom dei og kundar som vil kjøpe sex, sa tiltalte.
Tiltalte sa at Club 4 ikkje godtek prostitusjon i lokala sine, heller ikkje dop.
Krogstad sa at mange av medlemene er personar i høge stillingar og med relasjonar til andre. Desse vil ikkje vitne for meg, fordi det vil vere ei for stor belastning for dei, sa tiltalte.
I ei melding frå tiltalte nemner han «analsex».
– Er dette massasje, spør aktor.
Tiltalte seier han ikkje kan hugse den meldinga. Om at han bad jenter ikkje fortelje om det som skjedde, sa Krogstad at det var eit rollespel. Sambuaren til jenta kunne derimot tru at det var prostitusjon.
Tiltalte sa at han også formidla mange fotoppdrag der kvinnene stilte opp for menn som ønska å ta bilete av dei nakne.
I RETTEN: Tom Ketil Krogstad fotografert i gangen utanfor rettslokalet i Trondheim tinghus.
Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK«Sjakktreff» i kjellaren på butikken
To av kvinnene som har sagt at dei selde sex i lokala skal vitne for påtalemakta. Det skal også ein tidlegare sexkjøpar. Ei av kvinnene skreiv fleire tekstmeldingar til tiltalte der ho brukte ordet «sjakktreff». Dette skulle gå føre seg i kjellaren på butikken.
«Trenger fleire sjakktreff. Er blakk», skriv ho ved eit høve.
Tiltalte sa i retten at han ikkje aner kva dette betydde.
–Eg brukar ikkje kodespråk.
Men kjellarlokalet kunne leigast ut til personar som ønska å møte andre likesinna, forklarer tiltalte.
–Det var ikkje min intensjon at dette skulle vere seksuelle treff mot betaling.
–Krogstad. Seriøst. Forstod du ikkje kva som skulle skje i kjellaren? braut aktor inn.
Tiltalte svarte at det kunne vere personar som ikkje ville møtast på hotell. men avviste at han hadde noko økonomisk motiv.
–Det var Tom som formidla kontakten
Måndag ettermiddag vitna kvinna som skreiv at ho trengde fleire «sjakktreff». Ho sa det var tiltalte som bad henne bruke det ordet for sexsal.
Kvinna ville utforske sin eigen seksualitet. Derfor var ho ofte på Club 4.
Det var tiltalte som hausten 2016 spurte om ho og venninna ville selje sex. Det skjedde også hausten 2018. På Club 4 fekk ho gratis alkohol, ofte i sterke blandingar.
I retten nemnde ho minst fem tilfelle der tiltalte formidla kontakt mellom henne, venninna hennar og sexkjøparar. Det skjedde både i private husvære, i bilar og i lokala til Club 4.
Det var tiltalte som betalte kvinnene kontant etterpå. Dei fekk rundt 1500 kroner kvar.
–Det var Tom som formidla kontakten, sa kvinna som no er i midten av 20-åra. Ho fortalde om ein dårleg barndom med overgrep i tidleg alder. Ho brukte mykje hasj, vart mobba på skulen og fekk store psykiske vanskar. Ho har vore på rehabilitering og har no vore rusfri i to år.
Aktor spurte om kvinna har noko hemnmotiv mot tiltalte. Det nektar vitnet for. Ho sa tiltalte var snill og omtenksam og at ho ikkje har noko å utsette på han slik. Om kontakten med journalistar i Nidaros, fortel vitnet at dette ikkje galdt prostitusjon, men sal av seksualiserte bilete på Snapchat som ho dreiv med.
Etter kvart fortalde ho om tiltalte si rolle i sexkjøp. Det vart medieoppslag og politimelding frå kvinnegruppa Ottar.
Kvinna seier at ho ikkje selde sex, bortsett frå ein gong, utanom det som skjedde gjennom tiltalte.
Venninna til vitnet stadfesta at det var tiltalte som formidla kontaktane.
–Eg ønska det aldri skulle ha skjedd. Eg sleit veldig på den tida, sa ho i retten.
Ho har seinare etablert familie, men vart kontakta av Sorgenfri. Då kom alt opp igjen. Kvinna sa ho heller ikkje hadde noko hemnmotiv mot tiltalte.
Tiltalte meiner vitna til aktor ikkje er truverdige
Forsvaret har 15 namn på si vitneliste. Fleire av dei tidlegare sexkundar eller medlemer av Club 4. Også tilsette i firmaet til Krogstad møter i vitneboksen. Ifølgje bevisoppgåva frå forsvarer skal tilsette forklare seg om mellom anna «omgrepsbruk, kommunikasjon og kontakt mellom klubbmedlemmer på fritid».
Ein del av bevisa frå påtalemakta er kommunikasjon mellom mobiltelefonar. Det eine nummeret er registrert på nettsida som Krogstad driv, der det er stort utval i erotiske artiklar. Butikken til tiltalte er midt i Trondheim sentrum. Den er også ransaka og beslaga blir lagt fram for retten.
Forsvarer Farhad Shæriæti meiner retten ikkje bør høyre vitnemåla til dei to tidlegare prostituerte. Vitnemåla var kome i stand på ein utilbørleg måte, meiner han. Shæriæti viste til at avisa Nidaros hadde snakka med ei av kvinnene før politiet kom inni biletet. Tiltalte meiner kvinnene ikkje er truverdige og har gjort han til «hovudmann» i prostitusjonsverksemda deira.
Nye Club 4: Klubben I Trondheim gjenopna i 2013.
Foto: Ella Berit Mathisen / NRKLukka dører av omsyn til privatlivet
Både påtalemakta og forsvaret har kravd at rettssaka delvis skal gå for lukka dører. Det gjeld forklaringane til dei to tidlegare prostituerte og vitne som har kjøpt sex. Nokre av vitna har brote med miljøet, andre har familie og barn. Retten meiner det kan vere vanskeleg å få opplyst saka godt nok om vitna må forklare seg med publikum til stades.
Trøndelag tingrett har derfor bestemt at publikum berre i liten grad har høve til å følgje saka, digitalt. Av omsyn til smittevernet er rettssalen ikkje open for publikum i det heile tatt.
Media får derimot vere til stades og referere, men ta omsyn til dei presseetiske reglane som følgjer av «Vær varsam plakaten».
Det er sett av tre dagar til saka i tinghuset i Trondheim.
VARIERT TILBOD: Frå eitt av romma på Club 4.
Foto: Ella Berit Mathisen / NRK