Hopp til innhold

Rettssak måtte avbrytast – lekdomar var psykisk utviklingshemma

Etter ein dags rettsforhandling fann retten ut at ein av meddomarane ikkje var skikka for oppdraget. Dermed måtte ankesaka som galdt forvaring i Frostating lagmannsrett avbrytast.

Trondheim Tinghus

FORVARINGSSAK: Ankesaka i Frostating lagmannsrett galdt ein mann som er dømd til forvaring for eit drap. Mannen sonar i Trondheim fengsel og har bedt om prøvelauslating.

Foto: Kjartan Ovesen / Nrk

Nyleg tok fire lekdomarar og tre fagdomarar sete som meddomsrett i Trondheim tinghus. På første rettsdag forklarte tiltalte seg. Dessutan vitna andre om korleis dei vurderte risikoen om den dømde vart sett fri.

Etter at retten var heva for dagen, bestemte fagdomarane seg for å ha eit møte med meddomaren, basert på «observasjonar og opplevingar», som det står i avgjerda frå lagmannsretten.

Psykisk utviklingshemma under verjemål

Av den går det fram at meddomaren ikkje har forstått kven som har vitna og kva desse har sagt, og at han ikkje kan hugse å ha høyrt ordet «risikovurdering» som tema i saka. Vidare at «han (meddomaren, red.anm.) har nedsett kognitiv funksjon og reduserte mentale ferdigheiter».

Lagmannsretten kom derfor til at vedkomande ikkje er «personleg eigna» til oppgåva som meddomar. Dette kravet er heimla i paragraf 70 i domstolslova. Når det gjeld formelle krav til kven som kan bli meddomarar, kan mellom anna nokre straffedømde og personar frå nokre yrkesgrupper ikkje veljast.

Arve Opdahl

MERKA IKKJE NOKO: – Det einaste må vere at han såg veldig nøye på meg heile tida mens eg snakka. Men eg gjekk ut ifrå var fordi det var første gongen han var meddomar, seier forsvarer Arve Opdahl til NRK.

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK

Då fagdomarane undersøkte bakgrunnen til meddomaren, viste det seg at han har diagnosen «lettare psykisk utviklingshemma». Han har gått på spesialskule og er under personleg og økonomisk verjemål av ein advokat.

Avgjerda om å avbryte rettssaka, fordi retten ikkje var lovleg sett og å slette namnet hans frå lista over meddomarar i Trondheim, vart dermed tatt av dei tre fagdomarane.

NRK har vore i kontakt med advokaten som er verje for mannen, og han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Aldri opplevd noko liknande

Statsadvokat Dennis Danielsen

KOMMUNENS ANSVAR: Førstestatsadvokat i Agder, Dennis Danielsen, har aldri opplevd noko liknande. Det er kommunane som skal syte for å skaffe kvalifiserte meddomarar til alle ting- og lagmannsrettane.

Foto: Lars Eie / NRK

Verken aktor, førstestatsadvokat i Agder Dennis Danielsen, eller forsvarer Arve Opdahl, merka noko særskild ved meddomaren under rettssaka.

– Det er veldig spesielt. Eg legg alltid til grunn at domstolen syter for at dei som skal døme oppfyller krava, seier førstestatsadvokaten i Agder.

I fjor annonserte Trondheim kommune etter fleire som ville vere meddomarar, fordi interessa hadde gått ned, som mange andre stader i landet.

Meiner kommunen ikkje har gjort jobben sin

Mannen som vart fritatt i Frostating denne veka, vart trekt ut av lagmannsretten som meddomar dagen før rettssaka starta, sidan andre hadde meldt sjukdomsforfall. Den einaste formelle sjekken av dei som melder seg som meddomarar, er at kommunen sender namna til politiet som så sjekkar vandelen.

Fagdomarane i Frostating meiner Trondheim kommune ikkje kan ha vurdert om mannen var personleg eigna, slik det er lagt opp til i domstolslova.

– Ein veldig beklageleg glipp

Kommunalråd (Ap) Sissel Trønsdal leiar politikarkomiteen som har plukka ut dei 800 meddomarane som skal gjere teneste i Trondheim sokn til 2021.

– Her har det skjedd ein veldig beklageleg glipp. Vi skal gå gjennom meddomarlistene igjen og betre rutinane, skriv Trønsdal i ein SMS til NRK.

Kven som er utvalde som meddomarar i din kommune frå 2017, kan du søke med postnummer her.

Trondheim tinghus i september

NY RETTSSAK: Etter den uventa avlysinga denne veka, er forvaringssaka fastsett på nytt i Frostating lagmannsrett, med ny meddomsrett.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK