Hopp til innhold

32 reineigarar i kamp mot staten

Reineigarar på Fosen er usikker på kva framtida vil bringe og krev at vindturbinane blir fjerna og landet ført tilbake. Sametingspresidenten krev ei unnskyldning frå staten.

Ingrid Maria Jåma på Marienlyst.

USIKKER FRAMTID: Ingrid Maria Jåma planlegg å vidareføre reindrifta til familien, men er usikker på framtida. Tysdag møter ho i Debatten på NRK.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

– Det er jo ein del av kven eg er og kva eg lever for. Det er veldig sårt viss det ikkje skal bli vidareført.

Det seier Ingrid Maria Jåma. Ho er ei av 32 reineigarar på Fosen. Planen hennar er å flytte heim etter enda veterinærstudie, for å vidareføre reindrifta til familien. Men no er ho usikker på framtida og for det er ho med og aksjonerer.

– Eg håpar sjølvsagt at det er plass til meg også å få lov til å drive på. Men det ser veldig mørkt ut akkurat slik situasjonen er no, seier 23-åringen.

Les også: Aksjonistene nekter å møte Aasland – vil kun snakke med statsministeren

Laila Mercedes Fremme bæres vekk av politiet utenfor Finansdepartementet
Laila Mercedes Fremme bæres vekk av politiet utenfor Finansdepartementet

Kampen om vindturbinane på Fosen handlar på den eine sida om vindturbinar som produserer nok straum til heile Trondheim.

På den andre sida står 6 familiar og 32 reineigarar. Til saman har dei 1856 rein. Dei opplever at livsgrunnlaget deira er trua og krev riving av vindturbinane.

Høgsterett gjev medhald i at turbinane krenker samane sin rett til å utøve sin kultur.

Krev unnskyldning utan atterhald

Sametingspresident Silje Karine Muotka, som representerer Norske Samers Riksforbund, NSR, krev ei unnskyldning frå regjeringa.

– Eg krev at menneskerettsbrotet opphøyrer, at naturen blir restaurert og reparert, og at det kjem ei unnskyldning utan atterhald. Vi samar skal ikkje måtte tilpasse oss i denne saka. Det er staten som har skapt denne krisa, sa ho i Debatten tysdag.

Sametingspresident Silje Karine Muotka på OED.

Sametingspresident Silje Karine Muotka

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier han er oppteken av å følge opp dommen frå Høgsterett, og sørge for å følge opp det som er rettane til urfolk, men han seier det er fleire omsyn ein må ta.

– Høgsterett seier ikkje kva som skal skje med desse vindkraftverka. Det er eit spørsmål Høgsterett ikkje svarar på. Då må vi få eit nytt grunnlag slik at vi kan handtere dette på ein god måte.

Men Moutka meiner dialogen med den norske staten om vegen vidare er vanskeleg.

– Når ein ikkje klarer å beklage når feil har skjedd, er det utruleg vanskeleg å lage eit grunnlag for tillitsbasert dialog vidare om korleis ein kan løyse denne krevjande situasjonen, seier ho.

Ingen alternative beiteområde

Leif Arne Jåma og Terje Haugen, leiarar for Sør-Fosen Sijte og Nord-Fosen Siida, meiner det ikkje finst alternative beiteområde. Dei meiner det berre finst ei løysing – riving av turbinane.

– Dei må ta grep og rette opp etter seg. Det vart jo gjort ein feil og det får ingen gjort noko med. Men det går jo an å rette opp i det, seier Haugen.

Ingrid Maria Jåma og rein på Fosen.

Ingrid Maria Jåma skal jobbe med reindrift innan veterinæryrket.

Foto: Ingrid Maria Jåma

Leif Arne Jåma håpar niesa si, Ingrid Maria Jåma og dei andre demonstrantane i Oslo får fortgang i saka og meiner det er langt på overtid at staten bestemmer seg.

– Det er bra at me har så sterk og tydeleg ungdom, som står på barrikadane for menneskerettane. No får heile verda sjå korleis den norske regjeringa behandlar urfolk og menneskerettar, seier Leif Arne Jåma.

Dei krev at vindturbinane blir fjerna og at naturen blir ført tilbake.

Mener Olje- og energidepartementet må løses fra Fosen-saken

– Det trengst absolutt meir vindkraft i Noreg

Åslaug Haga, administrerande direktør i Fornybar Noreg, påpeiker at det er fleire omsyn som skal varetakast.

– Framover må me greie å finne løysingar som gjer at me får bygd ut mykje meir fornybar energi, samstundes som me varetek samane sine rettar og naturinteresser, seier ho.

Rein på Fosen

– Når dei kjem dit no, er det store vindmøller. Dei naturlege trekkvegane er vekke. Reinen blir veldig stressa og det er heller ikkje noko mat igjen der. Når reinen ikkje har det bra, har ikkje me det bra, seier reineigar Ingrid Maria Jåma.

Foto: Ingrid Maria Jåma

Ho beskriv det som ei balansekunst å både skulle produsere meir grøn energi og samstundes skulle verne om samane sine rettar.

– Det er ein realitet at den billigaste og raskaste måten å få meir grøn kraft på i Noreg, det er å byggje ut landvind, forklarar Haga.