Hopp til innhold

Redda livet med positiv tankegang

– Det er viktige er å tenkje på det du får til, ikkje omvendt.

Ingolv Dørum og John Magne Aasbø

LIVBERGANDE MØTE: Bodskapen til Ingolv Dørum (t.v.) om å tenkje positivt redda livet til John Magne Aasbø (t.h.).

Foto: Kjartan Trana / NRK

For fire år sidan fekk John Magne Aasbø (50) frå Trondheim diagnosen hjartesvikt.

– Det byrja med at eg vart dårleg. Eg hadde influensa ein periode, men gjekk likevel på jobb kvar dag. Eg pressa meg sjølv hardt, og etter kvart vart eg sjukemeldt. Så viste det seg at musklane i hjartet mitt var utbrente på venstre sida, og dermed vart eg hjartepasient.

I dag har han eit heilt nytt hjarte bankande i brystet.

LES OGSÅ: Hjertepasient lå innendørs i 37,5 grader

Den lange ventetida

Den fyrste hjartetransplantasjonen i Skandinavia var i 1983. Sidan då har Rikshospitalet i Oslo gjort over 800 slike operasjonar. Det blir i gjennomsnitt 30 transplantasjonar i året. Aasbø er ein av dei som har fått ein slik operasjon.

Hjerteoperasjon

NYTT HJARTE: I gjennomsnitt 30 hjartetransplantasjonar blir utførte i Noreg i året.

Foto: Charles McQuillan / Pacemaker Press International

– Hjartemedisin heldt meg oppegåande i to-tre år, men etter kvart fekk eg diagnosen hjartesvikt og vart til slutt kvalifisert til å få eit nytt hjarte. Og så var det berre å vente.

Men det er ikkje berre-berre å vente på nytt hjarte. Det er mange tankar og mange veker åleine i ei seng på eit sjukehus. Då er det viktig å tenkje positivt.

Til vanleg jobbar Aasbø som lærar ved Åsveien skule i Trondheim. Elevane reiser jamnleg på tur til Drageid leirskole i Osen i Nord-Trøndelag, og då pleier Aasbø melde seg frivillig til å vere med. Dei mange turane til Drageid skulle vise seg å hjelpe Aasbø då han låg sjuk.

LES OGSÅ: Kritisk til barne-coaching

– Hjernen er ei enorm kraft

På Drageid leirskule hadde Aasbø nemleg fått høyre kor viktig det er å tenkje positivt. Då han vart sjuk måtte han sjølv praktisere det som elevane får lære.

– I perioden eg gjekk og venta på eit hjarte var eg heile tida innstilt på at dette skulle gå bra, og at kvar dag var ei gåve. Eg var glad for at eg fungerte der og då, og måtte tenkje positivt for å kome meg til neste dag, fortel Aasbø.

Ingolv Dørum er rektor ved Drageid leirskole. Det å tenkje positivt er det han som har gjort til hovudbodskap ved skulen.

– Aasbø er eit praktisk døme på kor viktig det er med tankens kraft. Forsking dei seinare åra viser at hjernen er eit kraftigare instrument enn ein skulle tru. Å skulle påverke folk til å tenkje positivt, blir derfor berre viktigare og viktigare. Det handlar om livskvalitet.

– Ein bør rydde hjernen sin av og til, og få ut tankar ein ikkje har bruk for. Vi er ikkje nøydde til å ta inn alt, vi kan faktisk styre ganske mykje sjølve, fortel han.

LES OGSÅ: Korsang reduserte sykefraværet

Drageid leirskole i Osen

GOD PLASS TIL TANKANE: Ved Drageid leirskole lærer ein å bruke hjernen på rett måte.

Foto: Hans H. Bjørstad

Rett tankegang for nytt hjarte

– Det var mange gongar eg låg i senga mi og pusta med magen og tenkte på det som Ingolv hadde messa om i lang tid. Eg brukte lærdomen frå han til å kome meg inn i sømnen, gløyme vonde tankar, og sjølv ta makta over livet, fortel Aasbø.

Og dei som ikkje klarte å tenkje slik, vart ikkje vurderte for hjartetransplantasjon?

– Nei, det var nokre som blei vurderte til å vere ikkje tøft nok utstyrt til å takle motgang, og dei vart vel ikkje vurderte for transplantasjon, dessverre. Du må sjå mogelegheiter, ikkje hindringar. Eg såg veldig mange hindringar i byrjinga, men eg lærte å sjå mogelegheitene.

– Eg fekk til å gå, eg fekk til å lese avisa, høyre på radio, sjå på tv og så vidare. Det var viktig for meg å sjå det positive i dei små stega.

LES OGSÅ: – De har ikke bevist at behandlingen virker