Søndag er det duka for den klassiske storkampen mellom Rosenborg og Brann.
- Vi har hatt den vanlege oppladinga som vi bruker å ha før vi skal til Trøndelag. Det blir ein lang busstur. Brann har spelt ganske jamt med Rosenborg dei siste åra, så vi håper det skjer igjen, seier leiaren i Brannbataljonen, Frode Hellebø, til NRK.
Det er venta opp mot 20 000 tilskodarar til Lerkendal på søndag. Og dei har eitt mål for auge, nemleg å gjere livet surt for bergensarane.
Leiar i Kjernen seier det ikkje er nødvendig å gjere noko spesielt i forkant av kampen, for dette ordnar spelarane sjølv.
- Vi kjem til å legge oss ekstra i selen for å skape stemning. Brann har ikkje vist så mykje i år, så vi kjem til å gå ut for fullt frå start, seier leiar i Kjernen, Arnt Furunes.