Ved testlaben til Rosenborg meiner ein noko av forklaringa på dei gode resulatata skuldast at tidlegare trenar Knut Tørum slutta.
Høgare tempo
Tempoet er skrudd nokon hakk høgare på treningsfeltet på Lerkendal dei siste fem vekene. Det er eitt av grepa som er gjort etter at Knut Tørum forsvann ut porten.
Svein Arne Pettersen er ansvarleg på testlaben til Rosenborg. Han trur auka intensitet på treningane har gjort sitt til resultata den siste tida.
- Kortare og meir intesense økter kan ha utløyst noko, seier Pettersen til NRK.
Store ressursar
Rosenborg har brukt store ressursar for å sikre at spelarane til ei kvar tid er i maksimal fysisk form. Dei ressursane blei ikkje brukt godt nok under Tørum.
- Mange let vere å møte til testane og fekk nærmast aksept for det hos den førre trenaren, seier Petteresen.
Resultat mot Chelsea
No er det slutt på unnasluntring både på treningsfeltet og på testlaben.
Resultatet skal Chelsea få merke når dei går ut på Lerkendal i kveldens kamp i Meisterligaen.
- Vi spring meir no, enn vi gjorde for to månader sidan, seier assistenttrenar Kåre Ingebrigtsen.
LES OGSÅ:
KAMPFAKTA:
Meir sjølvtillit
Det er ikkje berre formen til RBK-spelarane som har blitt betre. Laget har også meir sjølvtillit enn tidlegare, meiner spelarane.
- Vi har eit samla lag, som spelar mykje meir saman. Vi tør også meir enn tidlegare og det har slått ut positivt for oss. Vi er rett og slett eit betre lag, seier Steffen Iversen.
Kampen kan du høyre på NRK P1 frå klokka 2045.