Hopp til innhold

– Rosenborgs nye spiss kjem til å score 20 mål i år

Det lovar trenar Kåre Ingebrigtsen som i 2015 vart kåra til Årets Trønder av NRK og Adresseavisen for å ha reist kjerringa med Rosenborg.

Haugesund-TIL

Ex-Haugesund-spissen, danske Christian Gytkjær vil score over 20 mål i år, trur trenar Kåre Ingebrigtsen

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Ingebrigtsen er ikkje smålåten på vegner av den nye mannen Christian Gytkjær, som no får hovudansvaret for å sørgje for at Rosenborg held fram med å finne nettmaskane ofte, også etter at fjorårets toppscorar Aleksander Søderlund har fått ny arbeidsgjevar i Frankrike.

Meiner RBK blir betre enn i fjor

Trenaren som altså rakk å gjere seg så populær i Trøndelag på ein sesong som Rosenborg-trenar, at han danka ut alle andre kandidatar til tittelen Årets Trønder, er ikkje redd for at det no kan bli verre å gjenta ein suksess, enn å skape ein.

Han trur ikkje saknet av Søderlund og det alt geniforklåra midtbaneankeret Ole Selnes, skal ha svekka trønder-laget for mykje. Tvert om trur Ingebrigtsen at laget er enno betre denne sesongen enn i fjor.

Ole Selnæs

Ole Selnæs var eit stor talent i Rosenborg og fekk sitt gjennombrot i fjor, men i år må RBK klare seg utan gullfoten på midtbanen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Har møtt sterkare motstand i oppkøyringa

Til NRK viser han til at spelet har vore bra mot sterke motstandarar i oppkøyringa.

– Vi har møtt langt betre motstand enn vi gjorde i fjor. I dei fleste kampane har vi vore best. Mot FC København var det vel sånn 50–50. Men vi er fullt på høgde med dei, og dei seier dei er gode nok til å spele Champions League, så dei får håpe dei slepp å trekke oss, smiler Rosenborg-trenaren.

Han lovar eit Rosenborg der alle spelarane er svoltne på meir suksess.

– Det har vi sett på treningane, annonserer han som styrer RBK-skuta.

Det står alltid fram nye spelarar når dei blir gitt ei sjanse:

– Nokre som ikkje fekk spele like mykje i fjor haust, har lyst til å spele meir. Vi er betre rusta no enn vi var i fjor, summerer opp Ingebrigtsen sine førebuingar.

Må bli minst tjue treff på nyspissen

Den nye spissen hadde han hatt i kikkerten lenge, da Gytkjær vart det nye spissvalet. At dansken med fortid i Haugesund ikkje har var vore så ofte på scoringslista til no i treningskampane, uroar ikkje trenaren. Mål vil det bli mange av når alvoret kjem i gang:

– Han får over tjue i år.

– Er du heilt sikker på det?

– Sikker? Dersom vi skapar like mange målsjansar som vi gjorde i fjor, så endar han på over 20, trur Ingebrigtsen.

Kåre Ingebrigtsen håper på starte ny Europa-epoke med RBK

Suksesstrenar Kåre Ingebrigtsen vart årets Trønder i fjor, no lovar han meir suksess på Lerkendal

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix
NRK Trøndelag sender direkte fra Lerkendal under hele utskiftingen av gressmatta.

NRK Trøndelag direkte: Vi har plassert et kamera på en av tribunene på Lerkendal. Torsdag ettermiddag startet arbeidet med å legge nytt gress, her kan du følge prosessen.