Hopp til innhold

Fullførte toppoppgjer med alvorleg kneskade: – Dagen etter fekk eg ein brutal nedtur

Matilde Alsaker Rogde spelte 37 minutt med øydelagt korsband.

Matilde Alsaker Rogde.

EMOSJONELL BERG OG DALBANE: Matilde Alsaker Rogde beskriv dei siste dagane som ei emosjonell berg og dalbane.

Foto: Kjetil Nesgård / NRK

Søndag gjekk Rosenborgspelar Matilde Alsaker Rogde i bakken etter ein duell i 53 speleminutt i toppkampen mot Vålerenga.

– Eg kjente det litt i kneet, men eg tenkte ikkje så mykje over det og spelte resten av kampen, seier ho.

På måndag undersøkte ein fysioterapeut kneet hennar. Korsbandet hennar hadde roke.

Nidaros omtalte skaden først.

Matilde Alsaker Rogde, RBK, Rosenborg.

ANDRE GONG: Fotballspelar Matilde Alsaker Rogde har øydelagt korsbandet ein gong tidlegare. No må ho kanskje operere kneet enda ein gong.

Foto: Kjetil Nesgård / NRK

–Korleis klarte du å fullføre kampen?

– Kneet kjentest stabilt og normalt, og eg hadde nok mykje adrenalin i kroppen, seier Rogde.

På overtid la Rogde opp til skåringa, som gjorde at Rosenborg vant 2–1 mot Vålerenga.

Etter kampen var ho i svært godt humør.

– Men dagen etter fekk eg ein brutal nedtur.

Dette er andre gongen Rogde har blitt skada i korsbandet. No må tjueåringen truleg stå over resten av sesongen. Må ho operere kneet vil Rogde truleg vere ute av spel i opp til eit år.

– Burde du ha spelt resten av kampen?

– Det ser ikkje ut til at eg fekk nokon andre skader av det. Det var verdt å fullføre kampen, sidan eg fekk den målgjevande pasninga heilt på slutten, seier Rogde.

Fire spelarar i Rosenborg er no ute med korsbandskade. Maiken Bakke og Elen Sagmo Melhus vart skada i fjor. Karoline Hernes vart skada i vinter.

Adresseavisen skriv at trenar Steinar Lein vurderer å hente inn nye spelarar. Han varslar også ein gjennomgang av treningsrutinane i klubben.