Rosenborg møter Linfield

Eggen meiner Rosenborg kan slå det nordirske laget.

Video EGGEN-210610S-ST-135319-SI_TL.mp4

VIDEO: Nils Arne Eggen om at RBK møter Linfield i 2. kvalifiseringsrunde til Meisterligaen i fotball.

Kilde: NRK/NTB

Rosenborg møter nordirske Linfield i 2. kvalifiseringsrunde til Meisterligaen i fotball. Rosenborg opnar borte mot Linfield 13. eller 14. juli, og veka etter blir det returkamp på Lerkendal

– Blir tøft

– Vi har teke mål av oss på å komme oss tilbake i Europa, og då må vi vere dyktige nok til å slå Linfield, seier Nils Arne Eggen til NRK. Rosenborgtrenaren meiner likevel at laget må løfte seg eit hakk før kampen.

Sportssjef Erik Hoftun i RBK trur også at kampen mot nordirane kan bli hard.

Erik Hoftun

Sportssjef Erik Hoftun meiner RBK må bli flinkare offensivt i kvalifiseringa til Europacupen.

Foto: Hans H. Bjørstad

– Det vi veit om britiske lag er jo at dei spelar med hjartet utanpå drakta. Linfield er ikkje det verste laget å møte, men vi forventar ein tøff kamp, seier Hoftun til rbk.no.

– Treng offensivt løft

Eggen vil ikkje seie noko konkret om kva Rosenborg må bli betre på før kvalifieringskampen. Hoftun er på den andre sida klar på tre ting som gjeld i vekene framover:

– For det første, å kun snakke om denne kampen og ikkje om det som eventuelt skjer vidare. For det andre, å prøve og få sett nokre kampar med laget, sjølv om dei er utanfor sesong. Og til slutt så må vi bli dyktigare offensivt enn vi var i kvalifiseringa i fjor, meiner sportssjefen.

Video fra Trøndelag

Organisasjonen Livsglede for eldre utvider og får med seg idrettslag og butikker på dugnaden.
Einar Armann tok saga i egne hender.
Denne helgen ble det arrangert en audition av det litt mer spesielle slaget. Trøndelag Reiseliv vil nemlig bruke dyr i sin nye kampanje for å få turister til Trøndelag.