Hopp til innhold

Rosenborg låner vekk Berntsen

Daniel Berntsen går frå Rosenborg til Bodø Glimt ut sesongen.

Daniel Berntsen

BLIR BODØVÆRING: Daniel Berntsen er ferdig i Rosenborg for denne sesongen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Slik det ser ut no, blir han Glimt-spelar i løpet av dagen.

Det seier Erik Hoftun til adressa.no.

Rosenborg vil låne ut Berntsen til Bodø-laget ut sesongen, og Bodø Glimt skal òg ha skaffa seg opsjon på kjøp av spelaren dersom lånet er vellukka, skriv avisa.

Berntsen var ikkje på trening med Roseborg laurdag, og skal no vere i Bodø for å prate med Glimt om avtalen.

LES OGSÅ: Ny spiller i Rosenborg

Kven som skal erstatte Berntsen i RBK er ikkje klart, men laget jobbar med å få inn forsterkingar, seier trenar Kåre Ingebrigtsen til adressa.no.