Hopp til innhold

RBK jaktar fleire rekordar

Rosenborg ser ingen grunn til å kvile på laurbæra, no jaktar dei på fleire rekordar.

Dagen derpå på Brakka

Det var god stemning på Brakka på Lerkendal dagen derpå.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Etter 26 seriekampar er det framleis ingen som har slått Rosenborg i årets eliteserie.

Det vil vere spesielt om heller ingen greier å slå klubben i dei fire kampane som står igjen.

– Det vil vere ein rekord som nærmast er uslåeleg. Det at ein ikkje går på eit einaste feilskjær i løpte av tretti seriekampar er heilt utruleg. Viss vi greier det, vil dette laget bli historisk, seier Hoftun til NRK Trøndelag.

Eitt tap i 1997

Ingen norsk klubb har nokonsinne gått gjennom serien utan tap sidan det var innført landsomfattande serie som følgjer kalenderåret, dvs i 1963.

Rosenborgs beste sesong i så måte var i 1997, då klubben hadde berre eitt tap for Lillestrøm i 2. serierunde. Det har heller aldri vore spelt tretti kampar før, så slik sett kan ein i realiteten seie at rekorden allereie er i boks med 26 kampar utan tap.

– Det er ein fantastisk prestasjon å spele 26 seriekampar frå start utan å tape ein einaste. Dette seier mykje om kor godt laget er og kor stabil det er muleg å vere med spelarar som har trua. Det er berre å ta av seg hatten for den prestasjonen, seier Hoftun.

Kamp til slutt

På spelarbrakka på Lerkendal var stemningen god dagen derpå.

– Vi skal trene hardt i dag, ler trenar Erik Hamrén.

Han understrekar at Rosenborg ikkje kjem til å kvile på laurbæra dei siste fire seriekampane. Klubben vil gjerne stå løpet heilt i mål.

– Vi tek ut det beste laget og vil gjerne vinne den 27 kampen også. Dei kampane som står igjen skal vi ta seriøst. Vi har ein utruleg vinnarmentalitet og uansett om det er treningskamp eller ligakamp, så vil vi vinne, seier Hamrén.

Gratulér RBK med gullet