Hopp til innhold

RBK har ingen plan B

Rosenborg har ingen plan klar om trenar Erik Hamrén blir ny landslagssjef i Sverige.

Erik Hoftun holder pressekonferanse på Lerkendal
Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Erik Hamrén er utruleg ønska i Rosenborg, seier sportsleg leiar i Rosenborg, Erik Hoftun.

Klokka 1400 orienterte han pressen om korleis Rosenborg ser på det som har skjedd rundt Erik Hamrén det siste døgeret.

- Vi har ingen plan B, vår plan er stadig vekk å forlenge med Erik Hamrén. Han er utruleg ønska i heile Rosenborg, sa Hoftun på pressekonferansen.

Drøymejobb for Hamrén

Erik Hamrén ønskjer å bli trenar for det svenske landslaget, men han har ikkje fått noko konkret tilbod.

– Eg har ikkje fått tilbod om nokon jobb og har ikkje takka ja til nokon jobb. Men eg fekk eit spørsmål om eg var interessert i jobben og det svarte eg ja på, sa Erik Hamrén på pressekonferansen han heldt klokka 1330 på Lerkendal.

Forbanna på forbundet

Rosenborg har reagert kraftig på måten det svenske fotballforbundet har gått fram for å sikre seg Erik Hamrén som landslagssjef.

– Forbundet hadde manglande respekt for oss som klubb når dei kom hit og trudde at dei kunne ta trenaren vår, seier Hoftun.

Han legg til kampen mellom Rosenborg og det svenske fotballforbundet er avslutta og at kampen ikkje skal tas vidare i media.

– Vi forheld oss til at vi har ei kontrakt med Erik Hamrén som går ut i 2010.

Hamrén viktig for RBK

Ifølgje sportsleg leiar har Erik Hamrén ikkje gjort noko galt. Han understrekar at det er veldig viktig for Rosenborg at suksesstrenaren blir i klubben og ikkje forsvinn slik Åge Hareide gjorde etter 2003-sesongen.

– Vi har ein vond historie bak oss då det sjedde sist. Ein trenar er byggmeisteren i eit lag, mens spelarar kjem og går. Vi har eit ønske i RBK om kontinuitet. Dår vi signerte med Hamrén var det ein del av ein langsiktig plan, seier Hoftun.

Han legg til at Hamrén har vist både klubben og publikum at han er ein fantastisk flink mann og forstår at svensken er smigra av tilbodet frå Sverige.