Hopp til innhold

Ranheim på kråkejakt i Moss

Ranheim reiser til Østfold for å vinne hengekampen mot Moss på Melløs stadion i kveld.

Ranheim-trener Per Joar Hansen

Trenar Per Joar Hansen og resten av Ranheim går for tre poeng i Moss.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

– Skal vi klare det, må vi vere 100 prosent tilstades frå starten av, tørre å bruke vårt offensive spelemønster og vere tette og kompakte når Moss har ballen, seier Per Joar Hansen til Ranheimfotball.no.

Se kampen direkte her fra kl 18.00

Første seriemøte

Ranheim og Moss har aldri tidlegare møtt kvarandre seriesamanheng, men laga har møttes to gonger i cupen.

Første gong var i 1934 der Ranheim tapte 1-2 heime i fjerde runde og siste gongen var i 1956 der dei også tapte 3-2 etter ekstraomgangar i tredje runde.

Poengdeling sist

Både Ranheim og Moss spelte uavgjort i forrige serierunde.

Moss spelte 1-1 i lokaloppgjeret mot Fredrikstad, mens Ranheim sikra seg eitt poeng med 1-1 borte mote Sandnes Ulf.

Kveldens kamp skulle egentleg vore spelt 18. juli, men på grunn av utbetringar på Melløs stadion, blei den utsett til 5. august.