Hopp til innhold

Rashani etter tap for Ranheim: – Sorry ass, vi er eit mykje betre lag

Ranheim slo Odd 3–1 på heimebane, men gjestane sin Elba Rashani var likevel ikkje imponert over trønderane sine prestasjonar.

Eliteserien i fotball 2018. Ranheim møter Odd.

Elba Rashani var frustrert etter tapet mot Ranheim.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Ranheim er eit greitt lag, men det er berre uflaks som gjer at vi ikkje vinn i dag. Dei kjem sikkert til å ta mange poeng framover, men sorry ass. Vi er eit mykje betre lag, og vi burde ha scora fleire mål i dag.

Elba Rashani meiner dei burde ha vunne kampen, og skryt over Odd sin innsats den første halvtimen:

– Vi spelar kjempegodt i starten, og dominerer alt ute på bana. Eg veit ikkje heilt kva som skjedde.

No ligg Ranheim på 3.-plass i Eliteserien, mens Odd må reise heim att med null poeng, og ligg no på 8.-plass på tabellen.

– Vinn ikkje eliteserien med ein gong

Mads Reginiussen scora to mål for Ranheim søndag, og dermed har midtbanespelaren seks mål denne sesongen. Sjølv var han svært nøgd med kampen:

Eliteserien i fotball 2018. Ranheim møter Odd.

Ranheims Mads Reginiussen scora to mål mot Odd i dag.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Det kjennast sjølvsagt veldig bra. Vi har nok ikkje tenkt å vinne eliteserien med ein gong, men akkurat no nyt vi å ligge såpass godt over streken som vi gjer. Vi tek med oss dei tre poenga i dag, også ser eg for meg at det blir litt tøffare framover.

Trenar Svein Maalen seier Reginiussen gjer det veldig bra:

– Eg er imponert over Reginiussen, men ikkje overraska. Han har hatt ei fantastisk evne til å score mål. Han kjem seg i scoringsposisjon, han veit kor han skal dukke opp.

Fagermo: – Ræva

Ranheim mot Odd

Trenaren til Odd, Dag-Eilev Fagermo, var skuffa etter dagens kamp.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Trenaren til Odd, Dag-Eilev Fagermo, var ikkje særleg imponert over laget sine prestasjonar i dag.

– Vi spelar bra den første halvtimen, men forferdeleg resten av kampen. Det er ræva dei siste 60 minuttane. Det er berre for oss å gløyme denne kampen, for det er ikkje godt nok.

Laster innhold, vennligst vent..