Normal

Publikumssvikt i Byåsen

I underkant av 600 publikummarar ville sjå Byåsen - Leipzig i Trondheim Spektrum søndag.

Glisne tribuner på Byåsen - Leipzig

Glisne tribuner på kampen mellom Byåsen og Leipzig.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Publikum svikta då Byåsen møtte Leipzig i Meisterligaen søndag.

Berre 578 publikummarar kom til Trondheim Spektrum og det er langt færre enn Byåsen hadde budsjettert med.

– Vi er litt skuffa, men vi veit ikkje heilt grunnen. Det er mange som skuldar på cupfinalen, men det var ikkje så mange trøndere som spelte der heller, seier dagleg leiar i Byåsen, Torbjørn Balstad, til NRK.

Endeleg siger

Etter å ha tapt de to første kampane i årets meisterligasesong, blei det søndag endeleg siger for Byåsen.

Jentene frå Byåsen vann knepent 23-22, og kampen blei skikkeleg underhaldning for publikum.

– Det var mange som gjekk glipp av mykje, for det var ein forrykande og spennande kamp, seier Balstad.