Trondheim tingrett bestemte torsdag føremiddag å sende dei tiltalte ut av rettsalen då dei estiske kvinnene skulle forklare seg i den såkalla menneskehandel-rettssaka.
Årsaka er at dei prostituerte kvinnene fryktar represaliar frå dei tiltalte. Det er spesielt ein 26 år gamal mann frå Estland, som er ein av dei to hovudtiltalte, kvinnene er redde.
Forsvararane tilstades
Aktor hevdar at kvinnene har blitt styrt av dei som står tiltalt og at det vil påverke deira forklaring om dei tiltalte sit i rettssalen.
Den 26 år gamle estlendaren aksepterte avgjerda, mens forsvararen til den andre hovudtiltalte meiner at hans klient må få vere tilstade under forklaringane på bakgrunn av at han har eit anna tilhøve til kvinnene.
Retten tek omsyn til frykta og meiner det held at advokatane til dei tiltalte er tilstades i retten under dette punktet.
Dei tiltalte får eit referat og forklaringane skal filmast til ei eventuell anke.