NRK Meny
Normal

Produserte 4800 liter heimebrent i hemmeleg garasjekjellar

Ein palle med sukker på ein butikkfilial i Trondheim kommune. Og ein lapp med påskrift om at sukkeret skulle hentast av ein sjåfør frå ei namngjeven bedrift. Det vart starten på opprullinga av omfattande heimebrentproduksjon i ei bygd i Sør-Trøndelag.

Beslag av hjemmebrentsytstyr

TO TANKAR PÅ 1000 LITER: Den eine tanken inneheldt 700 liter sats, mens den andre var fylt med luktfri veske.

Foto: Politiet

Onsdag vart sukkerkjøparen dømd i Sør-Trøndelag tingrett til 120 dagars fengsel for produksjon av minst 4800 liter heimelaga sprit.

Han var ikkje tiltalt for sal, men retten meiner at den store mengda tilseier at tiltalte selde den vidare for å oppnå vinning.

Reagerte på mengda

Tiltalte, ein mann i 40-åra, var tilsett som sjåfør i eit firma som jamleg leverte varer til ein butikk i Trondheim. I april 2014 hadde han bestilt sukkerpallen som stod på lageret då distriktssjefen i butikkjeda var på besøk.

Ho fekk vete av dei tilsette i butikken at tiltalte jamleg kjøpte store mengder sukker som han tok med seg i varebilen etter at dagens køyrerute var unnagjort.

Ho fortel til NRK at ho synest det var rart at sukkeret vart kjøpt i butikken, dersom det var produksjonsbedrifta der mannen jobba som skulle ha det.

– Det vanlege er jo at bedrifter kjøper rett frå leverandør og får det tilkøyrt, seier den dåverande distriktssjefen i butikkjeda til NRK.

– Min første tanke var: Gjer vi noko ulovleg når me sel så mykje sukker til ein person? Og om det ikkje er ulovleg, så er det moralsk forkasteleg, seier ho.

Politiet på sukkerspaning

Parallelt med at ho varsla politiet, sjekka ho sukkeromsetninga i salssystemet til butikken. Då kom det opp nokre svært store kvanta som var selt til ein person gjennom over eit år, nemleg tiltalte.

Få dagar etter følgde politiet etter varebilen då tiltalte køyrde heim til seg sjølv.

– Heilt hinsides. Men eg tenkte aldri at sukkeret skulle brukast til heimebrentproduksjon, seier den dåverande sjefen på butikken til NRK.

– Men det er jo framleis ikkje heilt uvanleg med slik produksjon i Trøndelag? Spurte du aldri kunden kva han skulle med alt sukkeret?

– Nei. Heilt ærleg, vi spør aldri kva kundane skal med det dei kjøper, seier han.

Sukker

OVER ÅTTE TONN: Etterforskinga avdekka at tiltalte handla 8250 kilo sukker på den same butikken i løpet av eit år.

Foto: NTB scanpix

140 plastkanner

Ransakinga same dag avdekte 480 kilo sukker i lastebilen, forutan 1800 skrukorkar, 140 plastkanner og 45 liter ulovleg tilverka 90 prosent sprit i hus og garasje. Men politiet fann ikkje noko produksjonslokale.

Etterforskinga avdekka at tiltalte handla 8250 kilo sukker på den eine butikken frå mai 2013 til mai 2014.

Kripos rekna ut at med den mengda sukker kan ein produsere om lag 4800 liter etanol – det vil si sprit.

Tiltalte kjøpte inntil fire pallar om gongen og betalte nesten alltid kontant. Men han kjøpte aldri gjær i butikken. Av domen går det fram at han kan ha kjøpt dette på nettet.

Bygde heimebrentanlegg mens han var tiltalt

Meininga var at saka skulle for retten i september 2015. Men like før, ville politiet etterforske meir og rettssaka vart utsett.

Så vart saka liggande til i fjor sommar, mellom anna fordi den no dømde også vart etterforska for andre straffbare handlingar.

Derfor vart det ny ransaking på jonsokdagen i 2016 og då fekk politiet seg ei overrasking: For i kjellaren på ein nybygd garasje hadde tiltalte innreidd eit anlegg for heimebrentproduksjon.

Hemmeleg kjellar

Produserte 4800 liter heimebrent i hemmeleg garasjekjellar

FULL PRODUKSJON: I kjellaren på ein nybygd garasje hadde tiltalte innreidd eit anlegg for heimebrentproduksjon.

Foto: Politiet

Kjellaren hadde ikkje inngang frå utsida og var nesten umogeleg å oppdage utanfrå. Trappa ned frå garasjen var skjult med golvplankar, asfaltplater og til slutt ei stor presenning.

Ifølgje tiltalte skulle asfaltplatene hindre at spritlukta kom opp.

Då politiet kom var det full produksjon i varme destillasjonsapparat. 149 liter sprit var alt ferdig. Det var etablert sluk og ventilasjon i kjellaren, og det var tilgang til straum og vann frå leidningar og slangar frå bustaden.

Og to tankar på kvar 1000 liter tyda på opptrapping av produksjonen, går det fram av domen. Retten meiner det er skjerpande at mannen gjorde dette etter at han var tiltalt etter den første ransakinga.

Sprit til bryllaup som ikkje vart noko av

Tiltalte forklarte i retten at beslaget på 45 liter sprit i 2014, var brennevin han hadde fått fordi han skulle gifte seg. Men sidan det ikkje vart noko bryllaup, vart spriten ståande hos tiltalte. Det same galdt produksjonsutstyret.

Sør-Trøndelag tingrett trur ikkje på forklaringa til tiltalte som ikkje ville namngje den gåvmilde venen.

Derimot vedgjekk tiltalte at det var han som hadde produsert 149 liter sprit og 700 liter sats som vart funne under ransakinga sommaren 2016.

Utover det som vart funne, nektar tiltalte for at han har produsert meir heimebrent. Men retten trur ikkje på tiltalte, og viser til det omfattande utstyret som vart beslaglagt.

Innskot på 22.000 kroner

Han knuste mobiltelefonen sin då han vart pågrepen for andre gong. Men tekstmeldingar som politiet har greidd å attskape, og innskot på tiltaltes konto, beviser at tiltalte også selde sprit til andre, meiner retten.

Gjennomgangen av kontoen til tiltalte viste fleire innskot frå 1000 til 20.000 kroner, forutan innskot i bankautomatar på opptil 22.000 kroner. Om lag ti av personane som hadde sett inn pengar vart kontakta av politiet.

Men ingen av dei ønskte å forklare bakgrunnen for at dei sende pengar til tiltalte, opplyste politietterforskarane under rettssaka.

Hjemmebrentbeslag

GAMMAL TRADISJON: Heimebrenning vart forbode i 1989 i Noreg. Men med jamne mellomrom blir utstyr inndrege og folk dømde. Dette biletet er frå starten av 1900-talet. Då var utstyret mindre avansert enn no.

Foto: Faction Film

«Ubehjelpeleg forklaring»

Tiltalte sa i retten at han alltid hadde hatt interesse for «foredling» av sprit, tilsett ulike krydderblandingar. Meininga var å brenne den ytterlegare for å få eit produkt likt det ein kjøper på Vinmonopolet, forklarte mannen. Som vurderer det som utrygt å kjøpte heimebrent.

Tiltalte forklarte bankinnskota med mellom anna utleige av feriebustad. Og at meste av sukkeret han kjøpte var til ein annan som han ikkje vil namngje. Kva vedkomande skulle med så mykje sukker, kunne ikkje tiltalte svare på.

I domen skriv retten at dei ikkje trur på forklaringa som nesten framstår «ubehjelpeleg i forsøket på å unndra seg ansvar».

Retten er ikkje i tvil om at tiltalte har produsert ulovleg sprit, og har medverka til slik produksjon, gjennom kjøp av store mengder sukker i perioden 2013 til juni 2016.

Tiltalte må i tillegg til fengselsdomen, på 120 dagar, betale 60.000 kroner til statskassa.

– Dette er rekna ut ifrå verdien på den nybygde garasjen der dei straffbare forholda gjekk føre seg, seier aktor, politiadvokat Ellen Moksnes Andresen, til NRK.

Vil anka domen

Torfinn Svanem

FORSVARER: Torfinn Svanem.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Forsvarer til den tiltalte mannen i 40-åra, Torfinn Svanem, opplyser til NRK at domen kjem til å bli anka.

På den lange lista over utstyr frå heimebrentkjellaren som Staten inndreg, står også 480 kg sukker.

Oppdaga på ein palle på eit butikklager i Trondheim.

Så kan ein undre seg over om heimebrentproduksjonen hadde gått sin gang den dag i dag, hadde det ikkje vore for ein liten lapp. Og eit besøk av ein nyfiken distriktssjef.

– Kva synest du om at retten skriv at det var di forteneste, som ein årvaken person, som gjorde at forholdet vart avdekt?

– Det er viktig for meg å seie at dei tilsette i butikken ikkje kan lastast for at dei ikkje tenkte tanken. Folk er ulike. Eg likar å grave i ting, seier ho til NRK.