Pårørande til eldre på sjukeheim i Trondheim betalar private
firma for å gå tur eller gje sosial omsorg til sine eldre.
For om lag 400 kroner timen får ein ein profesjonell omsorgsperson
til å vere saman med sjukeheimspasienten, skriv Adresseavisen.
– Tragisk
Grethe Enlid i Trondheim private omsorgsteneste fortel at hennar
firma har mange slike oppdrag for pårørande som ikkje er i stand
til å gje sine eldre den sosiale kontakten dei treng.
Enlid er også bystyrerepresentant for Framstegspartiet og meiner
det er trist at pårørande skal måtte leige inn private for at
familiemedlemmet på sjukeheim skal få frisk luft.
– Dette bør kommunen greie å dekke inn sjølv. Det er tragisk at
folk må betale for noko så grunnleggjande som frisk luft, seier
ho.
– Bør ikkje vere ei stor utfordring
Kommunalråd Geir Waage (Ap) seier til Adresseavisen at kvar
enkelt sjukeheim må ta ansvar for at bebuarane kjem seg ut i
frisk luft.
– Det bør ikkje vere ei stor utfordring for ein sjukeheim å
legge til rette for at pasientane kjem seg ut, seier Waage.