Hopp til innhold

Potetsalat og kalkunsylte

Sylteflesk utan flesk og potetsalat på ekte ørlandsvis står på menyen til radiokokken.

Ove Vinge og Inge Johnsen
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Kalkunkjøtet er nøytralt i smak om du steiker og kokar det og ikkje nyttar krydder. På den måten kan det brukast nærmast til alt muleg.

- Vi lagar til og med julesylte av kalkunkjøtet og den er veldig populær her ute, seier kalkunoppdrettar på Solvang gård på Ørlandet, Ove Vinge.

Potetsalat frå Ørlandet

På menyen til radiokokk Inge Johnsen står det ein heilt spesiell potetsalat, nemleg salaten til Ove Vinge frå Solvang gård.

- Vi startar med like delar av majones og rømme. Så har eg i hakka persille, hakka grasløk og hakka dill. I tillegg står det sitronpepar i den handskrivne oppskriftsboka, seier Inge Johnsen.

Masse poteter

Ove Vinge og Inge Johnsen

Ove Vinge og Inge Johnsen.

Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Vidare puttar han i litt chilipulver, salt og raspa kvitløk og rører rundt.

- Det er viktig å lage dressingen først, før ein puttar i potetene. Salaten skal vere så metta på poteter at dressingen berre ligg rundt poteten. Dei skal ikkje bade i dressing, for då er det ikkje noko godt, seier Johnsen.

- Dressingen var faktisk veldig god, seier Ove Vinge, mannen bak oppskrifta, då han får prøvesmake radiokokkens ferdige produkt.

La salaten stå

Vinge forklarar at han nyttar poteter frå Kråkvåg, ei lita øy i nærleiken og at han gjerne lagar potetsalaten dagen før den skal serverast.

- Det er veldig godt når potetene får ligge og trekke og krydderet får sett seg skikkeleg, seier Vinge.

Radiokokken legg til at potetsalaten også bør stå litt i romtemperatur før den blir servert, då all mat smakar betre når den er temperert. 

Sylte på kjølerommet

Til potetsalat smakar det også godt med kjøt. På kjølerommet på Solvang gård finn Inge Johnsen ei kalkunsylte.

- Dette er låret på ei kalkun, feittfri sylte. Eg har krydra med nellik, pepar og allehånde, forklarar bonden.