Hopp til innhold

Potelems med spekeskinke

Kvifor lage wraps og tortilla når vi har heilnorsk potetlems?

Inge Johnsen og Hilde Rekstad på Sæther gård i Levanger.
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Radiokokk Inge Johnsen og reporter Tron Soot-Ryen jaktar på den gode maten på Sæther gård i Levanger. 

- Potetlems er litt større og tynnare enn potetlompe. Vi nyttar den vanlegvis til kaffien med smør og sukker på. Sjølve lefsa inneheld ikkje sukker, så den er ikkje søt, forklarar Hilde Rekstad til Norgesglassekokken.

Dropp wraps'n!

I dag nyttar dei aller fleste mexicanske wraps eller tortillas når ein skal lage mat i lefser. Radiokokken vil heller at folk skal nytte heilnorske potetlefser.

- Eg har tatt potetlemsen og smurt den med rømme. Vidare puttar eg spekeskinke og eigendyrka romanosalat inni, seier Inge Johnsen.

Hilde forklarar at ho dyrkar sylteagurk på garden. Også den eignar seg godt i ei heilnorsk potetlems.

- Sylteagurken legg eg i lake med løk, chili og heilpepar, seier Rekstad.

Avslutt med pepar

For å få ein ekstra spiss på potetlemsen avsluttar Inge Johnsen med litt kverna pepar på toppen, før han ruller det heile saman.

- Vi treng pepar til alt, det er godt det. Tilslutt må vi dele opp lemsen, forklarar radiokokken.