
Ekteparet Anders Kiær og Anne Ulvik har sikra seg store skogeigedomar i Nord-Trøndelag.
Fylkessekretær Endre Alstad i Nord Trøndelag Jeger og Fiskeforening synest det blir spennande med dei nye eigarane.
- Det som er viktig for oss er at dette kjem bygdefolket i Namdalen tilgode og korleis ein har tenkt å dele dette med tanke på kvalitet og pris. I tillegg er det svært viktig korleis dei vil forvalte eigedomen i Verran der det rettmessige spørsmålet ikkje er avklart.

Anders Kiær kjøpte saman med kona Anne Ulvik.
Ektepar frå Hedmark
Norske Skog selte torsdag 1,3 millionar mål skog og utmark i Namdalen og Verran til ekteparet Anders Kiær og Anne Ulvik frå Hedmark.
Kjøparane har selskapet KiærMykleby som driv skog- og utmarksturisme i Stor-Elvdal. Dei nye eigarane har sagt at dei vil bruke den nye eigedomen til tradisjonellt skogbruk, jakt, fiske og turisme.
Kiær og Ulvik har også signalisert at dei kjem til å selje unna noko av eigedomen. I tillegg vil dei bygge kraftverk.
Spennande samarbeidspartnarar
Ordførar i Namsskogan Knut Berger, som jobba i Norske Skog før han blei valt som ordførar, trur dei nye eigarane blir spennande samarbeidspartnarar for kommunen.
- Det trur eg mellom anna fordi dei har god erfaring på å bygge ut elvekraft og det er noko som også vi har spekulert i. Dette vil ha stor verdi for lokalsamfunna oppover Namskogan, seier Berger.
Nektar utbygging

Dei nye eigarane har kjøpt store skogeigedomar i Verran og Namdalen.
Nord-Trøndelag Jeger- og Fiskeforening lovar bråk dersom det skulle komme planar om å bygge ut Nesåavassdraget i Grong.
- Kiær må ikkje gjere noko med Nesåavassdraget. Då vil ha få heile Nord-Trøndelag på nakken, seier Alstad.
Trygve Ebbing, som sjølv sit med store skogeigedomar i Namdalen, la også inn bod på eigedomen saman med Ola Mæle. Han vedgår at han er litt skuffa over at dei ikkje nådde opp.
- Eg er litt skuffa. Saman med Mæle hadde eg håpt at vi kunne utvikle eit konsept der vi satsa mykje på å nytte hans marknadskunnskap og ein del av driftserfaringa som eksisterande organisasjon i Norske Skog Skogene har og erfaring som vi lokalt sit med.
Dyktige på skogbruk
Men Ebbing har god tru på Kiær og Ulvik som eigarar.
- Då det ikkje blei Ola Mæle og eg som blei nye eigarar, er eg veldig glad for at det blei nettopp Anders Kiær og Anne Ulvik. Eg kjenner dei godt frå før, og dei er veldig dyktige på både på skogbruk og ikkje minst på det som går på forvalting av utmarksressursar. Gjennom dei kan Namdalen utvikle dette vidare, seier Ebbing.