Populær gründer-app vil forhindre overgrep

Ved å laste ned appen «Flare», blir du ein del av eit nettverk som kan redde både deg, og andre ut av ein naudssituasjon.

Grunderar Flare

Jørgen Svennevik Notland, Stian Sandø, Anders Hua, og Svein Grimholt er gründarane som har laga den populære appen «Flare»

Foto: Alf Johansen
Journalist

I agust 2015 lanserte fire NTNU-studentar appen Flare for å auke sikkerheit. Dette er ein app som er basert på nettverk. Fleire tusen har lasta den ned, og no planlegg gründerane å vidareutvikle tilbodet.

Ein av gründerane, Anders Hua, forklarar at appen skal få brukarane til å føle seg tryggare.

– Om ein person anten er i fare, eller følar seg utrygg, kan vedkomande trykke på ein knapp i appen. Då blir det sendt ut ein varsel til dei med appen som er innan ein begrensa omkrets. Dei vil då få opp telefonnummer, og eit kart over kvar vedkomande er.

Effektivisere

No vil dei fire gründerane, Anders Hua, Jørgen Svennevik Notland, Svein Grimholt og Stian Sandø, satse vidare på appen. Dei er i planleggingsfasen for å utvikle eit armeband som er knytta til Flare. Det vil då bli mogleg å bruke appen utan å måtte ta fram telefonen.

- Vi ønskar å utvikle produkter som bygg på appen og gjer den enno meir tilgjengeleg i vanskelege situasjoner, skriv dagleg leder Svein Grimholt i ei pressemelding.

Nettverk

Det har allereie blitt lansert fleire appar som skal kunne hjelpe i ein naudssituasjon. Hue meinar at deira app skiljer seg ut frå konkurrentane

– Dei fleste andre appane er basert på at ein som brukar har lagra nokre kontakter som blir kontakta om ein er i naud. Gjerne er det foreldre, som kanskje bur langt vekke. Vår app er basert på nettverk. Det er dei som er nærmast som kan hjelpe til, og kan være raskt på staden.

dekningskart trondheim

Dekningskart over brukarar av Flare i Trondheim. Appen har no blitt lasta ned i alle dei største byane i landet.

Foto: Flare

Lågare terskel

Ein kan bruke den anten om ein er i ein naudssituasjon, eller om ein føler seg truga. Om ein vert fulgt etter, kan ein sende ut eit varselsignal, og bli oppringt av ein som har appen, som kan halde kontakta over telefon.

– Dette er eit tilbod som gjer at brukarane kan varsle om hjelp, før dei vanlegvis ville gjort til politiet. Det skal være førebyggande for ein eventuell naudssituasjon, forklarar Hue

Overfall

Hua fortel at bakrunnen til idèen kom etter overfall under festivalen UKA i 2013.

– Når desse overfalla skjedde, var det tusenvis med menneskjer i nærheita, som kunne hjelpe til om dei hadde visst at det var ein nødssituasjon pågåande nokre hundre meter unna.

Fungerar

Per idag har 4200 lasta ned Flare. Om den har blitt brukt i ein reell naudssituasjon, har ikkje Hue oversikt over.

– Vi har ikkje fått beskjed om nokon har brukt den i ein farleg situasjon. Men vi har fått tilbakemeldingar på at brukarar har testa den ut, og at den fungerar som den skal.

Video fra Trøndelag

I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.
Fikk heder for sitt arbeid med mangfold og inkludering.
Etter år med hus-okkupasjoner og ungdomsopprør ble Svartlamoen boligstiftelse til, etter våpenhvile med Trondheim kommune. 
Det er faktisk 15 år siden kampen sto om det gamle arbeider-boligstrøket.