Hopp til innhold

Pollensesongen er i gang: Her tar legen Yngve sjølv ein allergitest

Over éin million nordmenn har pollenallergi, men éin av fire startar med behandlinga for seint i sesongen.

Overlege Yngve Melheim Jacobsen tar prikktest/allergitest

ALLERGISK: Overlege Yngve Melheim Jacobsen på øyre-nase-hals-avdelinga ved St. Olavs hospital har pollenallergi sjølv.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Stor snøsmelting og høge temperaturar i fleire delar av landet, set fart på allergisesongen.

Ifølge Norges Astma- og Allergiforbund har over éin million nordmenn pollenallergi. No ventar dagar med snufs, snyt og lågare allmenntilstand utover våren og sommaren.

Yngve Melheim Jacobsen set seg godt til rette i stolen. Han får ein såkalla prikktest. Det er ein allergitest der ein prikkar i huda med små dropar allergen for å sjå om det gir utslag.

Han er sjølv overlege på øyre-nase-hals-avdelinga ved St. Olavs hospital.

Men han har også pollenallergi. Allergitesten hans slår ut på bjørk og timotei. Ein allergi han har hatt sidan han var 4 år.

6 av 10 føler dei ikkje blir tekne på alvor

I ei undersøking gjennomført av YouGov på vegner av Farmasiet, svarar 60 prosent av alle pollenallergikarar at dei føler at andre ikkje har forståing for kor ille symptoma kan vere i pollensesongen.

– Pollenallergi kan vere brutalt, ikkje berre i form av rennande nase, auge eller hoste, opplyser driftsdirektør og farmasøyt i Farmasiet, Stig Henning Pedersen.

Han fortel at mange også opplever skjulte symptom som til dømes eksem eller utslett, trøyttleik, hovudverk, pustevanskar og konsentrasjonsvanskar.

Stig Henning Pedersen, portrettfoto

FARMASØYT: Stig Henning Pedersen er driftsdirektør og farmasøyt i Farmasiet.

Foto: Morten Rakke

24 prosent startar med medisinar for seint

Ved St. Olavs hospital merkar dei at det har teke seg opp med tilvising frå fastlegane den siste tida.

– Mange blir overraska. Det kan vere at dei var allergiske mot meir enn éin ting. Eller at testane ikkje gav noko utslag, fortel Jacobsen.

Testen som Yngve har teke kan ikkje aleine påvise allergi, men nyttast saman med blodprøver og pasienten si sjukdomshistorie til å bekrefte eller avkrefte allergi.

– Det var riktig og viktig at eg starta på medisinen no, seier Jacobsen.

PRIKKTEST: Her får vi demonstrert korleis ein allergitest fungerer. Foto: Morten Karlsen / NRK

Sjølv om mange er klar over allergien sin, ser det ut til at pollen kjem brått på for mange allergikarar kvart år.

Heile 24 prosent slit med å starte på medisin før plagene oppstår.

– Det kan sjølvsagt vere forståeleg når det framleis er is og snø på bakken. Ein god hugseregel er å starte 1-2 veker før sesongen startar, fortel Pedersen.

– Alltid nokon som er seint ute

Det kan vere så tidleg som i midten av februar.

Det er vanskeleg å treffe. Ein veit ikkje heilt når det begynner. Kvart år er det alltid nokon som er seint ute. Det er ei ganske vanleg problemstilling, seier overlege Jacobsen.

Dersom det har vore ein mild vinter, kan det vere lurt å vere ekstra føre var, fortel Pedersen. Han ber allergikarane om å følge nøye med på pollenvarslinga og spreiinga i sitt område.

– Det er viktig å hugse på at allergimedisinen verkar førebyggande, og at ein derfor må ta medisinen også på dagar med lågare spreiing, fastslår farmasøyten.

Jacobsen anbefaler trippelbehandling – ein kombinasjon av både allergitablettar, nasespray og augedropar.

Pollen

ALLERGI: Pollensesongen er godt i gang allereie. Det byr på problem for over éin million nordmenn.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Ei ekstra utfordring under pandemien

Med luftvegssymptom som liknar på koronaviruset, viser tala i undersøkinga også at heile 40 prosent av allergikarane føler seg mistenkeleggjorde av andre i sosiale samanhengar.

– I tillegg til plagsame symptom, får dei ei ekstra belastning med mistenksame blikk av andre. Det er ingen god følelse, seier Pedersen.

Han håpar funna kan minne folk flest på å vise meir forståing og ta meir omsyn til allergikarar.

LES OGSÅ Pollenallergiker Emilie: – Blir sett stygt på av «koronapoliti»

Emilie Kalnæs

– I to år har vi fått tydeleg beskjed om å halde oss heime dersom vi opplever luftvegssymptom. Vi må likevel hugse på at det er ein stor del av oss som prøver å fungere i kvardagen, trass i sterke allergisymptom.

Det er overlege Jacobsen einig i.

Eg trur mange bagatelliserer allergien og plagene som det gir. Det går utover både skulegang og arbeidslivet – med tanke på sjukefråvær.

– Ha ein open dialog på arbeidsplassen

Mange kan nemleg ha så kraftige allergisymptom at dei blir sjukemelde i pollensesongen.

– Det kan vere vanskeleg å vite kor ille symptoma er for den enkelte. Mitt råd er derfor å ha ein open dialog på arbeidsplassen eller skulen, og tilpasse kvardagen deretter, seier Pedersen.

Dei siste åra har vi teke i bruk digitale møter og undervisningar. Pedersen meiner desse kan vere til nytte for mange i pollensesongen. Det kan også hindre sjukefråvær.

Vi snakkar lite om kor trøytte og slitne folk blir. Det er kanskje det som ein merkar best i arbeidslivet, meiner Jacobsen.

Les også Håper ny oppdagelse kan hindre at folk utvikler allergi i framtiden

Dr. Paula Gonzalez-Figueroa.