Knut Fagerbakke kan bli ein viktig utfordrar til ordførarjobben i Trondheim. Dei siste meiningsmålingane syner at Sosialistisk Venstreparti har auka oppslutninga svær mykje. Ved valet i 1999 fekk partiet 9,4 prosent oppslutning. I Norfakta si ferske meiningsmåling er oppslutninga heile 18,6 prosent. Knut Fagerbakke er sjølvsagt svært nøgd.
Frank Jensen, Høgre sin ordførarkandidat i Trondheim. Foto: Arkiv.
- Det er jo ei veldig fin oppmuntring for partiet vårt. Eg tolkar det slik at folk har lagt merke til arbeidet vi har gjort gjennom ei fireårs periode.
Lei Høgre
Norfakta si meiningsmåling for Adresseavisen har også stilt folk spørsmålet om kven dei ville hatt som ordførar i Trondheim. Rita Ottervik får då 23 prosent oppslutning, medan Høgre og Frank Jensen får 20 prosent. Knut Fagerbakke får her 17 prosent.
Knut Fagerbakke er SV sin ordførarkandidat i Trondheim. Foto: Arkiv.
- Eg trur folk er svært lei av Høgrestyret i Trondheim, seier Knut Fagerbakke.
- Slik det er i dag har Arbeidarpartiet seks prosent større oppslutning enn oss. Det største partiet bør sjølvsagt ha ordføraren. Vi vil gjerne samarbeide med Rita Ottervik og Arbeidarpartiet.
- Du vil ha utskifting?
- Ja så absolutt. Eg er interessert i forandring. Vi klarer ikkje å gjere det aleine. Det er naturleg at den som er størst får ordføraren.
Parti | Val 1999 | Veke 05, 2003 | Veke 15, 2003 |
---|---|---|---|
Arbeiderpartiet | 28,5 (26) | 29,9 (26) | 30,4 (25) |
Framstegspartiet | 8,6 (7) | 13,2 (11) | 12,8 (119 |
Høgre | 33,4 (30) | 26,2 (22) | 24,7 (21) |
Kristeleg Folkeparti | 5,3 (4) | 4,2 (4) | 2,6 (2) |
Senterpartiet | 2,2 (1) | 2,2 (1) | 2,2 (1) |
Sosialistisk Venstreparti | 9,4 (8) | 14,3 (12) | 18,6 (16) |
Venstre | 3,7 (3) | 2,9 (2) | 2,9 (2) |
Raud Valallianse | 3,9 (3) | 3,6 (3) | 1,9 (2) |
Pensjonistpartiet | 2,1 (1) | 2,0 (2) | 2,2 (2) |
Miljøpartiet | 1,6 (1) | 0,9 (1) | 1,8 (2) |