Hopp til innhold

Politisk klasekaos på Hjerkinn

For fire år sidan raste dei raudgrøne partia mot bruk av klasevåpen på Hjerkinn. No har dei snudd og tillet sprenging denne veka.

Hjerkinn skytefelt, Dovre.
Foto: NRK MidtNytt / NRK

Sosialistisk Venstreparti og Arbeiderpartiet raste mot bruk av klasevåpen på Hjerkinn i 2002.

Denne veka startar Forsvaret testing av denne våpentypen på same stad, og no skjer det med den raudgrøne regjeringas velsigning.

 

- "Stortinget har vedtatt at regjeringa skal jobbe for eit internasjonalt forbod mot klasebomber fordi dette er eit grusomt våpen og så opplever vi altså at den norske forsvarsleiinga aksepterer at dette blir brukt i Noreg. Dette er ingenting anna enn ein skandale."

Øystein Djupedal (SV), oktober 2002.

 

Dette sa noverande kunnskapsminister Øystein Djupedal då han var i opposisjon i oktober 2002. På den tida blei det kjent at to klasebomber var sloppe på Dovre utan at forsvarsminister Kristin Krohn Devold visste om det.

Oppsiktsvekkande snuoperasjon

Kritikken den gongen gjekk mykje på manglande informasjon, men også på sjølve bruken av den omdiskuterte bombetypen, som etterlet seg mykje udetonert sprengstoff.

 

- "Eg meiner det er heilt uakseptabelt. Det er rystande. Det tenderer til skandale. Stortinget har vedtatt at Noreg skal jobbe for eit internasjonalt forbod mot klasebomber og vi blir ikkje truverdige om det viser seg at Forsvaret har brukt klasebomber i øving her heime."

Marit Nybakk (Ap), oktober 2002

 

Frank Jenssen, kommunalråd frå Høgre i Trondheim kallar Arbeiderpartiet og SVs snuoperasjon for oppsiktsvekkande.

- Eg skjønner at regjeringa argumenterer på denne måten når dei skal teste klasevåpen på Hjerkinn. Men det som er rart, er at det raudgrøne fleirtalet på Stortinget aksepterer det, med tanke på den munnbruken dei førte mot den borgarlege regjeringa for fire år sidan, seier Jenssen til NRK Trøndelag. 

Framleis truverdige

Sprengingane, som startar denne veka, er med klasegranater som blir fyrt av frå bakken. Testinga skal etter planen skje i ein månad og motstandarar har signalisert at dei vil stille seg opp som levande skjold for å hindre sprengingane.

Sosialistisk Venstrepartis Øystein Djupedal ønskjer ikkje å kommentere saka. Marit Nybakk syns ikkje at sprengingane gir regjeringa eller Noreg problem med å vere truverdige i sin kamp mot klasevåpen.

-  Dette kan ikkje samanliknast i det heile. Det vi gjer no er ein vitskapleg test av skot frå panservogner innanfor eit avgrensa og kontrollert område. Dette er ikkje ei øving og ikkje klasebomber. Vi gjer dette å finne ei permanent løysing for å forby klasevåpen.