Hopp til innhold

Politihelikopter søker i Trondheim

Politiet i Trondheim har sidan 09-tida i dag leita etter ein bilførar med fleire patruljar, melder Adresseavisen. Årsaka til dette er at bilføraren skal ha stukke av frå ein politipatrulje som ba han stanse på grunn av mistenkeleg åtferd. Politiet er væpna under oppdraget. Dei har funne bilen, men den var tom. Både hundepatrulje, politihelikopter frå Austlandet og fleire ordinære politipatruljar deltar no i søk på Heimdal.